Gå til innhold

Personvern i Kvoteappen

Det vert ikkje registrert personopplysningar i Kvoteappen, bortsett frå informasjonen frå bankkortet som vert brukt til å betale avgiftene dersom du ønsker det.

Kvoteappen er Tolletaten sin applikasjon for mobiltelefoner og nettbrett som privatpersonar kan nytte til å rekne ut om alkohol- og tobakkvarene dei har med seg er over eller under avgiftsfri kvote, og deklarere varene som er over kvoten. 

Det vert ikkje registrert personopplysningar i Kvoteappen, bortsett frå informasjonen frå bankkortet som vert brukt til å betale avgiftene dersom du ønsker det. Informasjonen vert lagra trygt hos den eksterne betalingsleverandøren vår, Swedbank. Formålet med lagringa er at du som brukar skal sleppe å taste inn kortnummer på ny kvar gong du skal betale. Det vert brukt ei betalingsløysing i to trinn for din tryggleik når du betaler med kort. Du må bekrefte kjøpet med BankID. 

Vipps er også ein mogleg betalingsmåte i Kvoteappen. Les personvernerklæringa for Vipps her.  

Tolletaten nyttar statistikkverktøyet App Center for å analysere brukartal og trafikk i KvoteAppen slik at vi kan vidareutvikle og forbetre applikasjonen. Vi loggar kva operativsystem som vert nytta, dato og tid for bruk og data om navigasjon. Tolletaten verken loggar eller lagrar data om trafikk og bruksmønstre på ein slik måte at det er mogleg å identifisere enkeltbrukarar. 

Kvoteappen har ikkje tilgang til telefonen sin identitet.  

Ansvarleg eining for Kvoteappen er Digitaliseringsseksjonen i Vareførselsdivisjonen i Tolletaten.