Gå til innhold

Hundetenesta i Tolletaten

Tolletaten har hatt ei hundeteneste sidan 1973. Hundar har vist seg å vere eit veldig effektivt hjelpemiddel i grensekontrollen. Kvar dag finn narkotikahundane våre narkotika ein stad i Noreg.

Ein hund gjer om lag mellom 600 til 800 reelle søk kvart år, men talet varierer ut frå kor hunden jobbar. Hundane er involvert i 60 prosent av alle beslaga som Tolletaten gjer. Her kan du sjå ein video av narkotikahunden My som søkjer etter narkotika. 

Video: Bård Gudim 

Ulike hundar

Lenge hadde etaten berre narkotikahundar, men etter kvart har fleire fagområde kome til.

I dag disponerer Tolletaten 42 hundar: 34 narkotikahundar, tre valutahundar og fem fleirbrukshundar. Av fleirbrukshundane er det fire som kan søkje på narkotika og sigarettar, og ein som kan søkje på narkotika og valuta.

Narkotikahundar: Hundar som kan søkje etter narkotika. Hundane er trena opp til å søkje sjølv på svake luktbilete.
Valutahundar: Hundar som kan søkje etter kontantar. Dei fleste typar kontantar, uansett valuta, er trykte på eit papir som har ei eiga lukt som hundane lærer seg å kjenne att. Hundane er lærte opp til å markere på større mengder pengesetlar.
Fleirbrukshundar: Hundar som kan søkje etter både narkotika og andre varetypar som til dømes sigarettar og valuta. Den første fleirbrukshunden vart teke i bruk i 2010. Utfordringa er å få sigaretthundar til å markere på større kvantum sigarettar, dei skal ikkje markere på kvar kartong som passerer grensa.

Tolletaten vurderer kontinuerleg om det er behov for hundar på andre fagområde.

Vanlege hunderasar

I dag er det tre hunderasar som er mykje brukt. Det er: jaktlabrador, springer spaniel og working cocker spaniel.

Kvar jobbar hundane?

Hundane jobbar over heile landet, både på tollstasjonar langs landevegen, på flyplassar og i hamner. Det er flest hundar der det er mest trafikk, til dømes jobbar seks hundar på Svinesund, som er den mest trafikkerte grenseovergangen.

Utveljing og vedlikehald

Tolletaten har ein A- og ein B-leverandør av hundar som blir valt ut etter ein anbodskonkurranse. Dagens A-leverandør på labrador er Optimum Spesialhunder og B-leverandør er Kennel Ometyst, i tillegg er Kennel Ometyst også A-leverandør av Engelsk springer spaniel.

Det å velje ut hundar til hundetenesta startar opp på eit tidleg tidspunkt, allereie når kvalpane er sju-åtte veker startar den fyrste testinga. Etter om lag eit halvt år tek instruktørar frå Tolletaten over hundane dei har valt ut til teneste, og fyrst når hunden er halvannan til to år tek hundeføraren, som skal eige og jobbe med hunden, over.

Tolletaten lyser som regel ut hundeførarstillingar, men ofte får dei som allereie er hundeførarar lov til å halde fram med ein ny hund etter kvart som at hundar må byttast ut. Det er vanleg at ein tenestehund får halde på til den er 10 år gammal, men vi har også hundar som har halde på til dei er 13 år.

Hund og hundeførar må gå gjennom fleire kurs og omfattande testing før Tolletaten melder dei til sertifisering. Dersom ekvipasjen vert godkjend, hamnar dei raskt i aktiv teneste. Men vi testar både hund og hundeførar jamleg. Dette for å sikre at hundar og hundeførarar held eit høgt fagleg nivå.

Enkelte av hundane til Tolletaten har medverka til beslag av nærmare 500 kilo narkotiske stoff. Og enkelte av valutahundane har medverka til beslag av fleire millionar kroner i valuta som ikkje har vore melde til Tolletaten. Vi kan trygt slå fast at hundane er eit godt hjelpemiddel i grensekontrollen.

1 / 5
Narkotikahunden Tilly held til dagleg til i Bergen. Foto: Eivind Senneset
Narkotikahunden Tilly held til dagleg til i Bergen. Foto: Eivind Senneset
2 / 5
Her markerer Zara for eit funn på øving. Foto: Sondre Steen Holvik
Her markerer Zara for eit funn på øving. Foto: Sondre Steen Holvik
3 / 5
Valutahunden Ted i avgangshallen på Oslo lufthavn. Foto: Thomas Haugersveen
Valutahunden Ted i avgangshallen på Oslo lufthavn. Foto: Thomas Haugersveen
4 / 5
Narkotikahunden Tilly snuser i ein mannskapslugar under fartøysinkvirering i Bergen. Foto: Eivind Senneset
Narkotikahunden Tilly snuser i ein mannskapslugar under fartøysinkvirering i Bergen. Foto: Eivind Senneset
5 / 5
Valutahunden Duke snuser på bagasjen til passasjerar som er på veg ut av eit fly på Oslo lufthavn. Foto: Thomas Haugersveen
Valutahunden Duke snuser på bagasjen til passasjerar som er på veg ut av eit fly på Oslo lufthavn. Foto: Thomas Haugersveen