Gå til innhold

Tollarar avdekte 23,5 kilo kokain i Ålesund

Tollarane i Ålesund avdekte 23,5 kilo kokain i ein konteinar som hadde starta ferda i Ecuador i Sør-Amerika.

Konteinarskipet kom til Ålesund om kvelden 21. juni, og tre tollarar og narkotikahund frå Ålesund tollstad gjekk om bord for å kontrollere konteinarar.

Markerte på frysekonteinar

Dette er eit stort tollbeslag av narkotika i Ålesund-området, seier seksjonssjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad.

Narkotikahunden viste interesse for ein frysekonteinar, som fraktpapira sa var tom, fortel seksjonssjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad.

Tollarane såg at det låg fleire pakkar ved ei luke i konteinaren og Møre og Romsdal politidistrikt blei kontakta. Det blei avdekt 21 pakkar med i alt 23,5 kilo kokain.

- Ålesund har ei stor kontainarhamn. Over tid har vi kontrollert konteinarar utan funn og difor er det motiverande å gjere denne typen beslag. Dette er eit stort tollbeslag av narkotika i Ålesund-området, seier seksjonssjef Helen Sjåholm ved Ålesund tollstad.

Beslaglagt mengde kokain er sannsynlegvis ikkje meint for brukarar på Vestlandet.

Smuglar kokain i konteinarar

Kokainen som vert beslaglagt i Noreg kjem som regel frå ulike land i Sør-Amerika, via transitthamner i Europa, seier kommunikasjonsdirektør Kim Gulbrandsen i Tolletaten.
- Tolletaten kjenner til at sjøvertskonteinarar er ein vanleg måte å frakte narkotika og høgt beskatta varer. Det er gjerne kokain som vert smugla i konteinarar. Kokainen som vert beslaglagt i Noreg kjem som regel frå ulike land i Sør-Amerika, via transitthamner i Europa, seier kommunikasjonsdirektør Kim Gulbrandsen i Tolletaten.

- Tolletaten har eit høgt fokus på denne transportforma.Trafikken på sjøen aukar år for år, og då aukar òg risikoen for smugling og andre ulovlegheiter. Samstundes veit vi at nokre av dei største narkotikabeslaga er gjort på handelsfartøy, seier Kim Gulbrandsen.

Tolletaten har i første halvår beslaglagt 81 kilo kokain, medan beslaget i Ålesund åleine er større enn beslaglagt mengde kokain første halvår 2018.

 

Dei største kokainbeslaga

Dei to største tollbeslaga av kokain i Noreg er gjort i handelsfartøy eller lastar frå Sør-Amerika. Dette gjeld 153 kilo kokain på handelsfartøy ved kai i Mosjøen, og 145 kilo kokain i bananlast i Oslo.

 

Del med andre: