Gå til innhold

Tatt med nær 5 000 liter alkohol

Patruljar frå Tolletaten og politiet stansa smuglar med nær 5 000 liter alkohol i lasta i Sør-Trøndelag.

Beslaget vart gjort etter at ein tollpatrulje såg ein Volkswagen varebil på veg mot Trondheim om ettermiddagen 30. oktober. Tolletaten fekk hjelp av politiet til å stanse bilen på E-6. Samstundes stansa ein tollpatrulje og ein Volvo V50 stasjonsvogn.

Den polske sjåføren (30) av varebilen innrømma at han hadde alkohol i lasta. Tollarane fann 3 972 liter øl, 743 liter brennevin og 6 000 sigarettar i varebilen. Dei fann og både svenske og polske skilt i bilen. Tollbeslaget utgjer 583 000 kroner i avgifter.

Varebilen veide med last 7,6 tonn. Den tillate eigenvekta er 2 485 kilo. Tolletaten ber om at bilen vert inndratt då den er brukt til smugling.

Kontakt: Seksjonssjef Bjørn Arild Sørli, 918 23 704

Tollarane i Trondheim fann nær 5 000 liter alkohol i ein varebil. Foto: Tolletaten.

Del med andre: