Gå til innhold

Tatt med 3,5 kilo kokain i Larvik

Tatt med 3,5 kilo kokain i Larvik

Sandefjordtollarar avdekka 3,5 kilo kokain i bil på ferga i Larvik.

Narkotikaen vart funnen i ein kroatisk registrert personbil som køyrde av ferga i Larvik om ettermiddagen 1. desember. Bilen vart køyrd av ein kroatisk statsborgar(41) som sa han skulle vitje familie i Oslo.

Spesiallaga rom

Kokainet var skjult i eit spesiallaga rom i bagasjerommet. Då tollarane fann rommet og såg fleire pakker, kontakta dei Sør-øst politidistrikt om tollbeslaget. Ein politipatrulje vart sendt til kontrollhallen. Dei tok over ansvaret for den mistenkte og narkotikaen. Politiet etterforskar smuglingsforsøket.

Tolletaten ber om den kroatisk registrerte personbilen vert inndratt då den er brukt til smugling.

Kontakt: Seksjonssjef Sven-Øystein Ferstad, telefon 936 77 229.

Tollarar frå Sandefjord avdekka 3,5 kilo kokain i bil i Larvik. Foto: Tolletaten.

Del med andre: