Gå til innhold

Tatt med 3,3 kilo hasj i Narvik

Tatt med 3,3 kilo hasj i Narvik

Svensk statsborgar tatt på toget til Narvik med 3,3 kilo hasj i bagasjen.

Tollarar frå Narvik fann ein bag med vakumpakka pakker og fatta mistanke til ein passasjer (18) då dei kontrollerte toget frå Stockholm til Narvik om ettermiddagen 15. desember.

Tollarane tok den mistenkte smuglaren med til Narvik tollstad og varsla samstundes Nordland politidistrikt om tollbeslaget. Beslaget er veid til 3,3 kilo hasj.

Kontakt: Fungerande seksjonssjef Andre Fjelldal, telefon 958 09 337

Narviktollarane fann 3,3 kilo hasj på togreisande. Foto: Tolletaten.

Del med andre: