Gå til innhold

Smugla marihuana i Trøndelag

Smugla marihuana i Trøndelag

Ein mann frå Sør-Trøndelag ble tatt med nær 2,7 kilo marihuana i tollkontroll på E-14 i Hegra i Nord-Trøndelag.

Tollarane fann narkotika då dei søkte gjennom bilen hans ved midnattstider 18. desember. Mannen (22) hadde og festa poser med narkotika på kroppen.

Tollarane stoppa då kontrollen og ba om bistand frå politiet. Tollarar og politifolka fann etter kvart fleire poser med marihuana, ei mindre mengde amfetamin og 23 000 kroner i bilen.

Mannskapa frå Trøndelag politidistrikt overtok etter tollkontrollen ansvaret for mistenkte, narkotikaen og etterforskinga.

Tollarane fann 2,7 kilo marihuana i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: