Gå til innhold

Hasj rundt beina og i magen

Spansk statsborgar tatt på Sandefjord lufthamn Torp med hasj rundt beina og i magen

.Tollarar på Sandefjord lufthamn Torp fann 1,1 kilo hasj på spansk flypassasjer (43). Mannen kom med fly frå Spania til Torp om kvelden 25. oktober.

Tollarane fann et 60 talls kuler med hasj som mannen hadde teipa på innsida av beina. I tillegg mistenkte dei at mannen hadde svelgt narkotika. Tolletaten ba derfor om at mannen vart undersøkt med røntgen på sjukehus. Han vart henta av ei patrulje frå Sør-øst politidistrikt.

Narkotikaen rundt beina vart veid til 711 gram hasj. I tillegg kjem 450 gram hasj som han hadde i magen.

Del med andre: