Gå til innhold

296 liter alkohol for mykje

Tollarar frå Vauldalen tollstad fann 296 liter alkohol i litauisk varebil.

Den litauiske statsborgaren (53) køyrde inn i Noreg over Drevsjø om formiddagen 5. november. I Tolga i Hedmark vart han sett og stoppa av tollarar frå Vauldalen tollstad i Sør-Trøndelag.

Tollarane fann i alt 279 liter øl, 17 liter brennevin og 1 200 sigarettar i varebilen.

Tollarane  frå Vauldalen tollstad beslagla 296 liter alkohol og 1 200 sigarettar. Foto: Tolletaten. 

Del med andre: