Gå til innhold

Redusert utførselskvote for turistfiske

Det blir endringar i regelverket for utførsel av fisk og fiskevarer frå Noreg frå 1. januar 2021. Kvoten blir redusert og fisk kan kun takast med ut av landet to gonger i løpet av eitt år.

Den viktigaste endringa er at det kun blir lovleg å ta med seg eigenfanga fisk og fiskevarer ut av landet viss ein har fiska og oppholdt seg hjå ei verksemd som er registrert for turistfiske hos Fiskeridirektoratet.

Redusert kvote

Kvoten for kor mykje fisk eller fiskevarer ein kan ta med ut av landet blir redusert til 18 kilo fisk eller fiskevarer. Den er i dag 20 kilo viss turistfiskeverksemda er registrert, og ti kilo frå eige fiske eller dersom verksemda ikkje er registrert hos Fiskeridirektoratet.

– Frå årsskiftet blir det kun tillatt å ta med kvoten maksimalt to gonger i løpet av eitt kalenderår. Dette er ei stor innstramming i forhold til dagens regelverk der det er tillatt med utførsel ein gong i veka. Ferdiglagde fiskeprodukt og fiskefilet vil også inngå i denne kvoten, fortel divisjonsdirektør i Tolletaten, Ivar Sletten.

– Fisk eller fiskevarer som er kjøpt i Noreg er ikkje omfatta av kvoten for utførsel viss det kan dokumenterast at fisken eller fiskevarene er kjøpt frå registrert næringsdrivande. Fisk som er fiska frå merkeregistrert fartøy og overtatt frå fartøyeigaren, og dette kan dokumenterast ved framvisning av sluttsetel, er heller ikkje omfatta av utførselskvoten, seier direktør Aksel Eikemo i ressursavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Etterleving av regelverket

Ved brot på utførselsregelverket kan all fisk/fiskevarer som blir forsøkt tatt ut av landet beslagleggast, viss det ikkje kan dokumenterast at den er kjøpt lovleg i Noreg. Verdigrensa er maksimalt 5 000 kroner for å utføre varer, utan at ein må deklarere til Tolletaten ved grensepassering.

Tolletaten har beslaglagt 2 230 kilo fisk fordelt på 26 beslag i løpet av 2020. Dette er ein markert nedgang i både talet på beslag og beslaglagt mengde fisk i forhold til tidlegare år. Nedgangen skuldast i all hovudsak betydeleg mindre reiseaktivitet på grunn av koronapandemien.

Nye krav til rapportering frå 2022

Turistfiskebedrifter som er registrert hos Fiskeridirektoratet skal rapportere gjestene sine fangster, og frå 1. januar 2022 skal slik rapportering skje på digital plattform godkjent av Fiskeridirektoratet. Frå dette tidspunktet vil det ikkje lenger vere mogeleg å registrere fangster via Fiskeridirektoratets digitale fangstrapporteringsskjema.

Les meir om nytt regelverk her:
Lenke til tekst om turistfiske hos Fiskeridirektoratet 
Lenke til tidligere publisert artikkel her på toll.no

Ved spørsmål kontakt:

Fiskeridirektoratet: Olav Lekve mobil 958 33 470/ olav.lekve@fiskeridirektoratet.no
Tolletaten: Linda Stangervåg-Helligsøe mobil 917 03 553/ lshe@toll.no