Gå til innhold

Teken med 360 000 sigarettar

Tollarar og politi har beslaglagt 360 000 sigarettar i Rendalen og Hernes i Hedmark.

Ein politipatrulje fann først 180 000 sigarettar i ein svenskregistrert bil som politiet hadde stoppa ved Åkrestrømmen i Rendalen kommune om morgonen 23. januar. Bilen hadde køyrd inn i Noreg over Drevsjø. Sigarettbeslaget utgjer 605 000 kroner i avgifter. Ein estisk statsborgar (24) var sjåfør.

Sigarettbeslag i Hernes

Ein tollpatrulje frå Østby tollstad i Trysil sette på blålyset og varsla tollkontroll då dei stoppa ein svenskregistrert bil i Hernes i Hedmark om ettermiddagen 25. januar. Den estiske sjåføren (29) sa han var på veg til Oslo.

Tollarane fann 180 000 sigarettar i bilen og i skiboksen. Sigarettbeslaget utgjer 605 000 kroner i avgifter. Den mistenkte sjåføren vart teken hand om av ein politipatrulje frå Elverum.

Kontakt: Seksjonssjef Inge Emil Berg, Østby tollstad, telefon 909 27 081.

Tollarane fann 180 000 sigarettar i bil og skiboks. Foto: Tolletaten.

Del med andre: