Gå til innhold

Tatt med 42 kilo tørka khat

Tatt med 42 kilo tørka khat

«Handleturen» til Sverige omfatta 42 kilo khat.

Ein tollpatrulje frå Svinesund tollstad fatta mistanke til ein svensk registrert personbil som køyrde inn i Noreg over den gamle Svinesundbrua om ettermiddagen 18. januar. Sjåføren (26) sa han hadde vore i Sverige og handla litt.

Tollarane opna bagasjerommet. Her låg det fleire sekker som mannen sa var frukttobakk, men som tollarane fant inneheld 42 kilo tørka khat. Mannen vart sett fri etter tollkontrollen.

Kontakt: Seksjonssjef Wenche Fredriksen, telefon 913 61 780

Tollarane fann 42 kilo tørka khat i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: