Gå til innhold

Smugla 94 kilo khat

Smugla 94 kilo khat

Svensk statsborgar stoppa på Ørje med 94 kilo tørka khat i bilen.

Ein svensk registrert bil som passerte på E-18 over Ørje tollstad fanga tollarane sin interesse om morgonen 7. januar.

Tollarane stoppa bilen og fann då ein bag og fleire sekkar, som mannen sa inneheld klede,  i bilen. I staden for klede avdekka tollarane 94 kilo tørka khat.

Den svenske sjåføren vart levert til mannskap frå Øst politidistrikt etter tollbeslaget.

Kontakt: Seksjonssjef Gro Lene Gundelsby, telefon 476 43 999.

Tollarane fann heile 94 kilo tørka khat i bilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: