Gå til innhold

Tre alkoholbeslag på Svinesund

Tre alkoholbeslag på Svinesund

Svinesundtollarane  fann 2 020 liter alkohol i to semitrailere og ein varebil 16. juli. Varebilsjåføren stakk frå lasta.

Tollarane avdekka  97 liter brennevin, 156 liter øl og 158 liter øl i ein latvisk registrert semitrailer som ble stoppa på formiddagen.

Ein litauisk semitrailer, som tollarane stoppa i 17-tida, inneheld 24 liter brennevin og 384 liter øl. Begge semitrailarane vart teken ut til tollkontroll etter at dei hadde deklarert lasta.

Tollarane fanga opp ein polsk registrert varebil som køyrde via den gamle brua over Svinesund i 18-tida og to tollpatruljer søkte etter bilen. Dei fann den at på ein parkeringsplass nord for tollstasjonen. Bilen var låst og sjåføren hadde stukke av. Tollarane avdekka 103 liter brennevin og 1 198 liter øl i varebilen.

Kontakt: Fungerande seksjonssjef Per Kristian Grandahl, telefon 920 19 396

Tollarane fann 1 300 liter alkohol i varebilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: