Gå til innhold

Tatt med dopingmiddel

Tollarar på landets hovudflyplass fann ei stor mengde dopingmiddel, farmasøytiske preparat og tablettar på to flyreisande opplendingar.

Tollbeslaget vart gjort i midten av mai. Kontroll av bagasjen gav funn av 97 dopingampullar, 79 dopingtablettar, 1 402 tablettar med farmasøytiske preparat og 1 418 tablettar med valium.

Tolletaten har meldt dei to til politiet for innførselen av forbodne stoff. Politiet si etterforsking førte til funn av meir dopingmiddel i bustaden.

Del med andre: