Gå til innhold

Tatt med 1000 tablettar

Tatt med 1000 tablettar

Tollarane på Trondheim lufthamn Værnes fann ei rekke farmasøytiske preparat på flypassasjer etter at narkotikahunden Oscar markerte på han.

Nordmannen, som er i 50-åra, sa at han hadde vært på ferie i Spania. Kontrollen av mannen gjorde funn av 520 tablettar Imovane, 510 tablettar Tramadol og 22 tablettar med opiatar som står på narkotikalista.  Tablettane vart funne i ein sokk som mannen hadde skjult på kroppen. Han hadde ikkje legeerklæring eller resept for innførsel av tablettane.

Mannen kan nå vente seg eit førelegg frå politiet.

Kontakt: Seksjonssjef Hallgeir Bjørvik, telefon 918 23 703.

Flypassasjeren hadde 1 000 tablettar i ein sokk. Foto: Tolletaten.

1000 tablettar Trondheim lufthavn Værnes
Tatt med 1000 tablettar ¨på Værnes

Del med andre: