Gå til innhold

Stort amfetaminbeslag i Kristiansand

Stort amfetaminbeslag i Kristiansand

Narkotikahunden Sniff sin markering ga tollbeslag av 17,6 kilo amfetamin i Kristiansand.

Beslaget er resultat av at tollarane tok ut ein tysk-registrert Ford Kuga til utvida tollkontroll da den kom med ferje frå Danmark til Kristiansand natt til 23. april. Bilen ble kjørt av en litauisk statsborgar (37).

Mannen sa han skulle vere i Kristiansand nokre dagar og prøve å finne abeid. Tollarane reagerte på forklaring og mannens veremåte. Dei utvida derfor tollkontrollen og narkotikahunden Sniff markerte for funn av narkotika på køyretøyet.

Då bilen vart skanna, såg skannaroperatøren framandlekam bak på bilen. Tollarar og kriminalteknikarar frå politiet fann her fleire flasker med amfetamin. Tollbeslaget er veid til 17,6 kilo amfetamin.

Smuglingsforsøket vert etterforska av Agder politidistrikt.

Amfetaminbeslag i Kristiansand april 2017
17 kilo amfetamin i Kristiansand 2017

Del med andre: