Gå til innhold

Smugla båtmotor og hengar

Den polske statsborgaren fortolla verken alkohol, båtmotor eller hengar.

Tollarar ved Kivolompolo tollstasjon på grensa til Finnmark avdekka både åtte liter brennevin, 77 liter øl og 400 sigarettar då den polske statsborgaren (42) passerte grensa om kvelden 16. juli.

Mannen hadde og med ein båtmotor og ein båthengar som heller ikkje var fortolla og som er verdt nær 21 000 kroner.  Har du vore ute av Noreg i meir enn 24 timar kan du ha med varer for maksimalt 6 000 kroner.

Del med andre: