Gå til innhold

Smugla alkohol ved Ørje

Smugla alkohol ved Ørje

Sjåføren stakk til skogs då tollarane frå Ørje varsla tollkontroll ved Trosterud i Østfold.

Tollarane fann varebilen, ein Volkswagen Transporter,  i vegkanten om lag ein kilometer frå tollkontrollen. Tollarane fann 1 792 liter øl og 165 liter brennevin i bilen. Tollbeslaget utgjer 171 000 kroner i avgifter.

Varebilen var utstyrt med falske norske skilt og det hadde tollarane sett då bilen køyrde forbi stopposten utan å stanse. Tollarane fann dei originale polske skilta i bilen. Varebilen er manipulert for smugling og Tolletaten ber difor om at bilen blir inndratt.

Kontakt: Seksjonssjef Gro Lene Gundelsby, telefon 476 43 999

Tollarane fann nær 2 000 liter alkohol i varebilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: