Gå til innhold

Smugla 45 000 sigarettar

Smugla 45 000 sigarettar

Polsk statsborgar tatt med 45 600 sigarettar i bilen.

Ein tollpatrulje frå Østby tollstad i Trysil fann 45 600 sigarettar og andre varer verd 9 000 kroner då dei stoppa ein dansk registrert varebil på fylkesveg 26 ved Lutnes i Hedmark om ettermiddagen 31. mai.

Den polske sjåføren (29) sa at han var på veg til Hamar med ei girkasse. Han hadde og nokre vinduer i bilen som han skulle ha med til Danmark.

Tollarane kjøpte ikkje forklaringa. Tollkontrollen avdekka 45 600 sigarettar og 15 liter brennevin i eit spesiallaga holrom i varebilen. Tollbeslaget utgjer i alt 160  000 kroner.

Bilføraren vart henta av mannskap frå Innlandet politidistrikt. Politiet ga smugleren forelegg, inndro varer og bil og utviste sjåføren for to år.

Kontakt: Seksjonssjef Inge Emil Berg, Østby tollstad, telefon 909 27 081.

Tollarane fann sigarettar i eit spesiallaga holrom i varebilen. Foto: Tolletaten.

Del med andre: