Gå til innhold

Pakke frå Kina med dopingmiddel

Pakke frå Kina med dopingmiddel

Tollarar på Oslo lufthamn fann to flasker dopingmiddel i ei pakke send frå Kina.

Pakka var deklarert å innehalde blekk, men då tollarane opna ho fann dei i staden to flasker med flytande væske. Analyser ved tollaboratoriet viste at det var nær 2,2 kilo dopingmiddel i flaskene.

Mottakaren av sendinga er ein mann (56) busett i Akershus. Han er meld til politiet.

Tollarane fann 2,2 kilo dopingmiddel i pakka. Foto: Tolletaten.

Del med andre: