Gå til innhold

Mot ein meir digital tolletat

Tolletaten utarbeider ein ny strategi for digitalisering av verksemda. Målet er at etaten skal tilby betre tenester for brukarane, få større kontroll over vareflyten og syte for meir effektiv bruk av ressursane.

Grunnlaget for arbeidet er at vi skal løyse samfunnsoppdraget vårt betre. Det gjer vi ved å digitalisere tenester og prosessar for å få større kontroll over vareflyten, både den registrerte og den uregistrerte. Samtidig skal vi legge til rette for ei mest mogleg effektiv grensepassering gjennom å utvikle gode digitale tenester for brukarane våre, seier seniorrådgjevar Gry Rønjum i Tolldirektoratet som leier arbeidet med digitaliseringsstrategien.

Ho fortel at arbeidsgruppa ho leier har gått i dialog med både næringsliv, samarbeidspartnarar i offentleg sektor, publikum og interne ressursar for å samle innspel, vurdere brukarbehov og få framlegg til satsingsområde og tiltak. Dei har også samla tidlegare analysar og kartleggingar Tolletaten har gjennomført som har noko å seie for arbeidet med digitaliseringsstrategien.

DIGITALISERING: Talet på varar som passerer grensa til Noreg vil auke dei neste åra. Truleg vil statens økonomi presse oss til å utføre dei same oppgåvene, men med betre resultat, til ei lågare utgift. Eit system for å ta imot alle data om alle varestraumar, uavhengig av transportmetodar, vil effektivisere vareførselen. Digitaliserte grunnlagsdata vil medverke til rett fastsetjing av toll og avgifter. Digitale data, gode analyseverktøy og maskinlæring er element som kan vere med på å auke treffprosenten i kontrollen. ILLUSTRASJON: Hege Harreschou
DIGITALISERING: Talet på varar som passerer grensa til Noreg vil auke dei neste åra. Truleg vil statens økonomi presse oss til å utføre dei same oppgåvene, men med betre resultat, til ei lågare utgift. Eit system for å ta imot alle data om alle varestraumar, uavhengig av transportmetodar, vil effektivisere vareførselen. Digitaliserte grunnlagsdata vil medverke til rett fastsetjing av toll og avgifter. Digitale data, gode analyseverktøy og maskinlæring er element som kan vere med på å auke treffprosenten i kontrollen. ILLUSTRASJON: Hege Harreschou

Overordna målbilete

– Med utgangspunkt i behova til brukarane har vi kome fram til eit overordna målbilete som skal beskrive satsingsområde og tiltak for dei neste fire åra, seier Rønjum.

Ho forklarer at målbiletet er delt i tre satsingsområde:

  1. Digital brukardialog 
  2. Samhandling og automatisering 
  3. Digital kontroll

Digital brukardialog

Leiar: Seniorrådgjevar Gry Rønjum i Tolldirektoratet leier arbeidet med digitaliseringsstrategien.
Leiar: Seniorrådgjevar Gry Rønjum i Tolldirektoratet leier arbeidet med digitaliseringsstrategien.
– Dette er eit satsingsområde som kan seiast å vere retta mot dei meir uerfarne brukarane våre, i all hovudsak privatpersonar og små naeringslivsaktørar. Vi meiner vi har eit behov for eit digitalt løft mot denne gruppa, seier Rønjum.

Ho forklarer at brukarundersøkingar har vist at brukarane tykkjer det er vanskeleg å få oversikt over regelverket ved grensepassering og utanlandshandel og at etaten er lite tilgjengeleg.

– Vi ønskjer at det skal vere enkelt å forstå regelverket, og då må Tolletaten kommunisere betre med brukarane sine. Vi ønskjer å vere tilgjengeleg døgnet rundt med robotisert chat og ta i bruk ny teknologi for å automatisere kundeservicen vår gjennom å tilby intelligente søknader og mest mogleg automatisert behandling av desse.

Ønskjer fellesløysing

– Akkurat no jobbar vi tett med andre offentlege etatar for å vurdere om det er mogleg med felles løysingar retta mot publikum og naeringsliv. Tolletaten utfører oppgåver for mange andre offentlege etatar på grensa. Vi ønskjer å gje publikum tilgang til regelverk og tenester på tvers av etatane, som vil gjere det enklare for brukarane å finne fram til det dei treng ein stad, utan at dei skal måtte gå fram og tilbake mellom etatane, forklarer Rønjum.

Samhandling og automatisering

Satsingsområdet er i hovudsak retta mot meir erfarne brukarar, fortrinnsvis aktørar som jobbar mykje med inn- og utføring av varer. I tillegg rettar satsingsområdet seg mot andre offentlege etatar og effektivisering av interne prosessar.

– Vi ønskjer å tilby brukarvenlege løysingar som på sikt vil føre til at naeringslivet enkelt kan levere opplysningar frå sine eigne fagsystem til Tolletaten, seier Rønjum.

Tolletaten ønskjer også mest mogleg informasjon om varesendingar og transport så tidleg som mogleg. I dag direktekøyrast naermare 70 prosent av den registrerte vareføringa.

– Vi ønskjer å få mest mogleg informasjon i forkant av grensepasseringa. Dette ønskjer vi å gjere gjennom digitale løysingar for avlevering av informasjon, til dømes å gjere det mogleg for å levere førehandsdeklarasjon og digital avlevering av til dømes manifest og annan påkravd underlagsdokumentasjon, forklarer ho.

Digital kontroll

Tolletaten skal fortsetje å styrke kontrollformene sine og bidra til at lover og reglar blir følgde når varer kryssar grensa. Rønjum forklarer at Tolletaten i framtida ønskjer å vurdere breitt og kontrollere målretta. Mellom anna ønskjer etaten å bruke avanserte analyseverktøy, ta i bruk kunstig intelligens og maskinlaering og kombinere dette med hjelpemiddel som vil auke treffsikkerheita på kontrollen.

– Med ei risikostyrt og automatisert objektutveljing på «big data» kan vi målrette kontrollen vår og syte for tryggare grenser og betre vern av samfunnet, meiner Gry Rønjum.

Ønskjer framlegg og innspel

Arbeidet med digitaliseringsstrategien skal sluttførast rett over sommaren.

– Framleis står det att mykje arbeid. Vi ønskjer å gjere vårt for at alle røyster blir høyrde. Om det er nokon som har innspel eller spørsmål, kan dei gjerne sende ein e-post til gonj@toll.no, avsluttar Gry Rønjum.

Denne saka vart fyrst publisert i Tolletatens magasin På grensen.

Del med andre: