Gå til innhold

Amfetaminbeslag på Magnormoen

Amfetaminbeslag på Magnormoen

Sjåføren sa han skulle jobbe i Bergen, men narkotikahunden Bindi avdekka fire kilo amfetamin i juicekartong.

Tollbeslaget vart gjort 26. januar da tollarar frå Kongsvinger stoppa ein polskregistrert Opel Astra for tollkontroll på Skotterud i Hedmark. Den polske sjåføren (29) sa han skulle jobbe på eit bygg i Bergen i to veker.

Mistenksame tollarar tok sjåføren og bilen med til kontrollhallen på Magnormoen. Tollarane  reagerte på ein kartong med juice som dei fann i bilen. Mistanken vart styrka då narkotikahunden Bindi markerte for narkotika på kartongen. Tollkontrollen vart då fryst og Innlandet politidistrikt varsla om tollbeslaget.

Ein patrulje frå Kongsvinger politistasjon henta den mistenkte og narkotikaen. Smuglinga vert etterforska av Innlandet politidistrikt.

Kontakt: Seksjonssjef Morten Nystuen, telefon 952 43 810

Juicekartongane inneheld i alt fire kilo amfetamin. Foto: Tolletaten.

Del med andre: