Gå til innhold

[Utgått]Kamera på smuglarjakt

Med kamera på smuglarjakt

ANPR – automatic number plate recognition er teke i bruk av Statens Vegvesen, Tolletaten og Utrykkingspolitiet i Noreg. Systemet har vore i bruk i Storbritannia i fleire tiår allereie, og Tolletaten etablerer skiltlesande kamera på over 200 grensevegar, ferjehamner med internasjonale anløp og i mobile patruljar.

Tekst: Thore Simenstad, alle foto: Thomas Haugersveen

Saka vart først publisert i På grensen nr. 4/2016. Les magasinet her.

Alle grenseovergangar til Sverige, Finland og Russland, og ti ferjehamner med anløp frå Danmark, Sverige og Tyskland skal vere kameraovervaka innan 2019. Etableringa er ledd i regjeringa si styrking av grensekontrollen. 130 millionar kroner er avsett til dei skiltlesande kameraa.

Tollregion Aust-Noreg har prøvd ut skiltlesande kamera i fleire år allereie. Det er dei gode erfaringane med kamera på sju utvalde grenseovergangar i Østfold og søre Hedmark som no gjev kameraovervaking langs alle grenseovergangar og dei internasjonale ferjehamnene. Kamera blir sette opp slik at dei fangar opp og les skilt på alle køyretøy som passerer grensa både inn til og ut av Noreg.

Foto fra Svinesund, kamera, høst 2016.
Kamera på Svinesund.

Synleg kamera: Kameraene som Tolletaten nyttar, er tydeleg skilta. Alle som køyrer forbi blir gjort merksame på at dei køyrer forbi eit kamera.

Alarm. - Alarm på 118. Tilropet frå vaktleiar Håvard får tollinspektørane Eva-Lill og Andre til å springe frå kontrollen på grøn sone på Svinesund. Dei er framme på fylkesveg 118 på få minutt. Dei aktiverer blålyset på tenestebilen, og stoppar den litauisk-registrerte personbilen som sette av alarmen på dei skiltlesande kameraa.

- Utan ANPR måtte tenestemennene fysisk vore til stades på fylkesveg 118 ved den gamle Svinesundbrua og stoppa aktuelle kontrollobjekt. Takk vere ANPR kan tollarane no både kontrollere trafikken som leiast frå E6 inn på tollstasjonen og aksjonere på alarmar på fylkesveg 118. Då får vi brukt ressursane optimalt, seier avdelingsleiar Asle Farberg i Tollregion Aust-Noreg.

Kontroll Svinesund, høsten 2016.
Kontroll på Svinesund.

Blei varsla: Alarmen gjekk og tollarane har stoppa ein litauisk bil på grunn av varsel frå skiltgjenkjenningssystemet.

Godt kontrollverktøy. Han leia prøveprosjektet med ANPR då han jobba i Tolldirektoratet, og veit at dette er eit svært godt kontrollverktøy for tollarane.

- Vi starta pilotprosjekt med skiltlesande kamera i 2011 på sju grenseovergangar i Østfold. Vi ville først og fremst undersøkje om dette kunne vere eit veleigna verktøy til bruk i analyse og etterretningsfunksjonane, og deretter om det kunne brukast i samband med operativ tollkontroll.

Prosjektet vart seinare utvida til også å omfatte eit fåtal kamera i søre Hedmark på strekninga «Sukkervegen» i Aurskog-Høland i Akershus til Kongsvinger i Hedmark. Ordninga er no politisk vedteke å vere permanent.

- Etter at vi fekk skiltlesande kamera i grenseområdet vårt, auka moglegheitene til å hindre meir av den organiserte smuglinga. I Hedmark fylke åleine er det 37 vegar som gjer det mogleg å ta seg over til Sverige med bil, seier seksjonssjef Morten Nystuen ved grensekontrollseksjonen i Kongsvinger.

- Fleire av grensevegane er meir eller mindre grusvegar, og smuglarnettverka er kreative når dei vel ut ruter du nesten må vere lokalkjent for å vite om. Smuglarane kartlegg mykje og planlegg turane godt, seier Nystuen.

Han legg vekt på at kvart kamera er tydeleg skilta. Alle som køyrer forbi, smuglarar som lovlydige borgarar, blir gjort merksame på at dei køyrer forbi eit kamera.

- Det er bilskiltet som blir fotografert med den nye teknikken. Kameraet stoppar i seg sjølv ingen smuglarar. Tollarane må manuelt ut i felten for å kontrollere dei, men kameraet er eit godt verktøy for å aksjonere på interessante objekt, seier Nystuen.

Bruk av ANPR-kamera på Svinesund.
Bruk av ANPR-kamera på Svinesund.

Følgjer med: Tollarane følgjer nøye med på alarmane på ANPR-skjermane. Men tollarane må manuelt ut i felten for å gjennomføre kontrollar.

Positive grensebuarar. -Over ein periode på eit halvt år i Hedmark var heile 53 prosent av tollmeldingane direkte resultat av skiltlesande kamera, fortel avdelingssjef Asle Farberg i Tollregion Aust-Noreg.

Sverre Trulssen er pensjonert tollar. Han er ein av grensebuarane som ser positivt på det nye kontrollverktøyet. Han bur nær fylkesveg 101 på Kornsjø, og har gangavstand til det skiltlesande kameraet som er plassert på grensa to hundre meter frå den nedlagde svenske tollstasjonen Høgen.

Det er 40 minutt køyretid frå Svinesund tollstasjon og hit. Dette er ikkje av dei mest trafikkerte grenseovergangane, og difor er det betre for tollarane å respondere på alarmar i skiltgjenkjenningssystemet på denne vegen framføre å ha ein tollpatrulje fast stasjonert langs riksveg 101.

- Dei fastbuande eg snakkar med er heller ikkje kritiske til kameraet så lenge det faktisk betyr ein betre tollkontroll, seier Trulssen.

- Folk forstår at tollarane er ute etter moglege smuglarar framføre å avdekkje kor mange turar lokalbefolkninga tek til Sverige og tilbake i løpet av ei veke, seier pensjonisten.

Kontrollen held fram. Ved kontrollstasjonen på Svinesund søkjer narkotikahunden Jacko-O på den litauisk-registrerte personbilen som vart stoppa på riksveg 118. Dei to ungdomane i bilen fortel at dei skal jobbe i Noreg nokre dagar før dei reiser tilbake til Litauen. Etter at hunden har søkt gjennom bilen og den omfattande bagasjen utan funn, får dei fortsetje ferda mot Oslo.

Kontroll i kontrollhall på Svinesund, høst 2016.
Kontroll i kontrollhall på Svinesund, høst 2016.

Kontrollerar: Sjåføren si forklaring om hensikta med opphaldet i Noreg gjer at bilen frå Litauen blir med til kontrollhallen på Svinesund. Alt innhald vert teke ut og bilen kontrollert.

Samstundes blir ein polskregistrert personbil vinka inn i kontrollhallen på Svinesund. Han har kome på E6 der bommane leiar all trafikk inn via tollstasjonen. Forklaringa til noregsbesøket fører til et ønske om ein grundigare tollkontroll. Narkotikahunden markerer for narkotika, og fører til at tollarane set i gang eit omfattande søk på bilen, utan funn av anna enn ei ørlita mengd cannabis. Hundeføraren konkluderer med at nasen til hunden avslørte at det nyleg er røyka cannabis i køyretøyet. Dei tre polske statsborgarane kan difor setje seg i bilen og køyre nordover E6, om lag ein time seinare enn planlagt.

Igjen blir ANPR-alarmen utløyst på Svinesund, og tollarane rekk akkurat fram til fylkesveg 118 før den aktuelle bilen har passert. Ei rask undersøking av bagasjerommet, og forklaringa til bilførar fritek han for ytterlegare tollkontroll.

Lagring av opplysningar. Tolletaten har i dag berre høve til å lagre opplysningane frå ANPR-systemet til tollkontrollen er avslutta, maksimalt ein times lagringstid. Men Finansdepartementet meiner at ordninga med skiltgjenkjenningssystem på grensa kan utnyttast betre ved å gje utvida tilgang til å lagre opplysningane som blir innhenta. Etaten vil då kunne bruke informasjonen frå kameraa til mellom anna å planleggje framtidige kontrollar og velje ut aktuelle kontrollobjekt.

- Dette vil effektivisere kontrollverksemda til Tolletaten ved at kontrollane blir meir treffsikre. Etaten får såleis utnytta ressursane sine på ein betre måte, skriv Finansdepartementet i framlegget til statsbudsjettet for 2017 og gjer framlegg om at opplysningar og bilete frå skiltgjenkjenningssystem kan lagrast i inntil seks månader frå opplysningane er innhenta. Etter seks månader skal opplysningane avidentifiserast.

Finansdepartementet ønskjer at ordninga blir evaluert når ho har verka i tre år. Finansdepartementet legg til grunn at «skiltgjenkjenningssystem» også vil omfatte anna elektronisk utstyr enn det som brukast i dag, så fremt slike system i det vesentlege samlar inn same type opplysningar.

Asle Farberg og Wenche Fredriksen på Svinesund, høst 2016.
Asle Farberg og Wenche Fredriksen på Svinesund.

Nøgde: - Med ANPR kan vi no kontrollere trafikken både på den gamle og den nye Svinesundbrua, seier seksjonssjef Wenche Fredriksen frå Svinesund, og avdelingsleiar Asle Farberg i Tollregion Aust-Noreg.

Ruller ut kamera. Seniorrådgjevar Svein Rustad leiar prosjektet med skiltgjenkjennande kamera i Tolldirektoratet og ser til at det blir rulla ut kamera over heile landet.

-Vi set opp kamera på ein del trafikkerte grenseovergangar i tollregionane Midt-Noreg og Nord-Noreg, men hovudfokuset i 2016 er kamera ved dei ti internasjonale ferjehamnene og å fortsetje utbygginga nordover langs svenskegrensa i Hedmark, seier han.

ANPR skal vere utplassert på alle grenseovergangar innan 2020, og er kostnadsrekna til 130 millionar kroner.

-ANPR er eit elektronisk verktøy som sikrar ein meir effektiv grensekontroll. I tillegg til kamera på alle ubetente og betente grenseovergangar langs landegrensene mot Finland, Russland og Sverige, installerer Tolletaten kameraløysinga i fleire tenestebilar, på nettbrett og berbare terminalar. Med kamera i tenestebilar sikrar Tolletaten mobilitet og gjev høve for å følgje opp interessante objekt som allereie har passert dei stasjonære kameraa. Tollarane kan observere grensepasseringane medan dei sit i bilen og aksjonere med ein gong på alarmar. I tillegg kan tollarane bruke kamerafunksjonen i tenestebilar i samband med utekontrollar. For ANPR er eit verdifullt supplement til tollarane og ikkje ei erstatning, påpeikar Svein Rustad.

Kamera på Svinesund.
Kamera på Svinesund.

Fugleperspektiv: Kameraa heng høgt og gir tollarane ei god oversikt.

I samband med at ANPR blir landsdekkjande i Tolletaten, blir det etablert raske meldings- og kommunikasjonsløysingar som dekkjer sentrale, regionale og lokale behov og som sikrar ei heilkontinuerleg drift av dei skiltlesande kameraa.

Betre faktagrunnlag. - Ved at lagringstida for skiltgjenkjenninga blir auka til seks månader, kan tollarane gjere seg kjende med trafikkmønsteret, og få kunnskap både om kvar risikoen for smugling er størst og på kva tider av døgnet Tolletaten kan vente seg at smuglarane prøvar seg. Vi vil få eit heilt anna faktagrunnlag enn i dag. Vi kan betre sjå trendane i smuglingsbiletet og rette inn kontrollinnsatsen og ressursbruken etter dette, seier avdelingsleiar Asle Farberg i Tollregion Aust-Noreg.

Tolletaten sikrar seg då ein god statistikk og rapportering som viser effekten av skiltlesande kamera i grensekontrollen samt samfunnsvernet som kameraa representerer, poengterer både Asle Farberg og Svein Rustad.

Hjelpemiddel. Blålyset vert aktivert for å stoppe ein personbil som er registrert hjå Tolletaten frå tidlegare. Vaktleiar Håvard på Svinesund tollstasjon har fått opp ein ny alarm på skiltgjenkjenningssystemet og tollpatruljen rykker ut på E6, der bilen blir stoppa på første avkøyring.

Undersøkingar av bilen og samtalen med sjåføren gjev ikkje grunn til ytterlegare tollkontroll, og tollarane kan køyre tilbake til kontrollstasjonen og parkere tenestebilen slik at han står klar til neste oppdrag. Tollarane ved Noregs største grensestasjon mot Sverige opplever at dei skiltlesande kameraa er eit svært verdifullt hjelpemiddel som betyr tollbeslag på kvar vakt.

Haustkveld på Svinesund.
Haustkveld på Svinesund.

På vakt: På vakt ein haustkveld på Svinesund.

FAKTA:

Beslagssaker i Tollregion Aust-Noreg som er direkte resultat av bruk av ANPR:

  • 300 kilo narkotika. Laurdag 28. november 2015 beslagla tollarane i Kongsvinger over 300 kilo narkotika etter at dei observerte på ANPR at to svenske leigebilar køyrde inn i Noreg med få minutts mellomrom på føremiddagen. Dette er det største narkotikabeslaget i Hedmark nokosinne.
  • 360 liter vodka. Etter tips om mogleg smugling la Kongsvingertollarane ein septemberkveld i år inn kjenneteiknet til ein personbil i ANPR-systemet, og mindre enn ein time seinare vart bilen observert og stoppa på riksveg 2 på Magnormoen i Hedmark. Tollarane avdekte 120 treliters kartongar vodka i bilen, som utgjer 133 000 kroner i unndregne avgifter til statskassa. Bilen var dessutan stiva av med tanke på smugling.
  • Amfetamin og marihuana. Om morgonen 1. oktober 2016 køyrde ein svenskregistrert Saab inn til Noreg på fylkesveg 126 ved Trosterud i Østfold og fanga Ørje-tollarane si interesse på kamera. Narkotikahunden Hatrick snuste seg fram til 174 gram amfetamin og 12 gram marihuana i bilen. Narkotikahunden Jim avdekte 40 kilo hasj i ein svenskregistrert Volvo som vart stoppa på fylkesveg 22 i Halden om ettermiddagen 14. august i år.
  • 2 500 liter alkohol. Tollarane fann 2 500 liter alkohol i lasta til ein polskregistrert varebil som køyrde fylkesveg 106 over den ubemanna grenseovergangen Bjørkebekk og fortsette på fylkesveg 124 mot Rakkestad der han vart stoppa av ein tollpatrulje frå Ørje. Tollbeslaget utgjer åleine 200 000 kroner i unndregne avgifter.
Del med andre: