Gå til innhold

Tilbakebetaling av utanlandsk meirverdiavgift

Dersom du vil ha tilbake den utanlandske meirverdiavgifta, må du spørje i butikken du handlar i om og korleis du kan få den tilbakebetalt. Det er ikkje Tolletaten i Noreg som betaler tilbake utanlandsk meirverdiavgift.

Sannsynlegvis må du betale meirverdiavgift (moms, mva, VAT) i det landet du kjøper ei vare. Sjekk med butikken du handlar i om det er mogeleg å få tilbakebetalt meirverdiavgifta og korleis du skal gå fram.

Ordningar for tilbakebetaling

På nokre grenseovergangar og flyplassar kan du få tilbake utanlandsk meirverdiavgift ved hjelp av private agentar som tek eit gebyr for hjelpa (tax refund-ordningar). Dette gjeld dersom du har handla i ein butikk som har ein avtale med ein slik agent. Spør i butikken om dei har ein slik avtale. Ønskjer du å vite meir om tax refund-ordningane, kan du ta direkte kontakt med agentane.

Passerer du ei grense der det ikkje er ei slik ordning, eller butikken du handlar i ikkje har avtale med ein agent, kan du høyre med butikken om det er andre måtar å få tilbake den utanlandske meirverdiavgifta på.

Sverige, Danmark og Finland

Noreg, Sverige, Danmark og Finland har ein avtale om at du alltid skal betale meirverdiavgift til eitt av landa. Det betyr at du ikkje kan få tilbakebetalt meirverdiavgift frå desse landa dersom du tek med deg varer for under verdigrensa for avgiftsfri innførsel til Noreg.