Gå til innhold

Kva er EORI-nummer?

Er du ein norsk næringslivsaktør og har verksemd opp mot tollstyresmaktene i eit EU-land, treng du eit EORI-nummer. Du får eit slikt nummer ved å søkje tollstyresmaktene i det aktuelle EU-landet.

EORI-nummer (Economic Operator Registration and Identification number) er eit unikt identitetsnummer (kundenummer) frå tollstyresmaktene i EU. Du skal bruke nummeret ved all tollrelatert verksemd i EU.

Du kan lese meir om EORI-nummer på nettsidene til EU-kommisjonen eller Tullverket SE.

Søk om EORI-nummer i Sverige her

Sjekk om eit EORI-nummer er gyldig
Del med andre: