Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har i brev av 14. juni 2011 fastsett venta del av retur for drikkevareemballasje for retursystemet til Askim Frukt- og Bærpresseri AS. Vedtaket gjeld for perioden 1. juli 2011 til og med 30. juni 2012.
Returdelen som ligg til grunn for avgiftsreduksjonen i gjeldande periode, er fastsett til 90 %. Dette inneber ei avgift på 10 % av ordinær sats.
Retursystemet til Askim Frukt- og Bærpresseri AS gjeld for drikkevareemballasje av glas (emballasje til gjenbruk).
Vi gjer merksam på at medlemmar av returordninga skal deklarere miljøavgifta ved bruk av avgiftskodane MG 110, 210, 310 og 410 for drikkevareemballasje av glas.
Da det for tida ikkje finst andre medlemmar i ordninga, er det berre verksemda nemnt over som kan deklarere med redusert avgift.