Toll- og avgiftsdirektoratet har teke mot informasjon frå FN sin økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), om at Montenegro (landkode ME) har knytt seg til TIR konvensjonen med verknad frå 15. januar 2008.
Frå og med denne datoen kan TIR transportar startast opp og avsluttast i Montenegro.
Chamber of Economy of Montenegro (PKCG) er garanterande organisasjon for TIR transportar og er godkjent for å skrive ut TIR carnet i Montenegro.