Med verknad frå 1. august 2007 vert vareomfanget for forskningsavgift på importerte landbruksprodukter endra. TVINN-data på www.toll.no er oppdatert frå same dato.
Statens landbruksforvaltning (SLF) har gått gjennom eksisterande vareomfang i TVINN, og vurdert den opp mot forskrift nr 410 om forskningsavgift på landbruksprodukter, samt gjeldande tolltariff.
Med utgangspunkt i gjennomgangen har Styret for fondet på landbruksprodukter vedteke at det vert gjort endringar i samsvar med vedlagte liste.
Vidare har Fondsstyret vedteke at for mykje betalt avgift i tida 1.5.2004-31.7.2007 vert tilbakebetalt. For lite betalt avgift i same periode vil ikkje verta innkrevd.
For ytterlegare informasjon sjå http://www.slf.dep.no

Søknad om refusjon
Søknad om refusjon av for mye betalt avgift kan sendast til den tollregion kor vareeigar er heimehøyrande.

Omrekning
Omrekning vil verta gjort av Tollvesenet.
Det er oppretta to unntaksdokumenter i TVINN som skal nyttast ved omrekning for å gje rett avgiftssats (0,-) Unntaksdokumenta er gyldige for deklarasjonar levert i perioden 1.5.2004 – 31.7.2007.
Fylgjande kodar skal nyttast:

Unntaksdokument: S
Referansekode: GEN
Referansekode: GEN
Tilleggsopplysning: S07/1604A (Gjeld for FA100)
S07/1604B (Gjeld for FA200)
S07/1604B (Gjeld for FA200)
Refusjon kan berre gjerast der kor varenummer har vorte endra til ikkje avgiftspliktig for forskningsavgifta i samsvar med vedlagte tabell.