Gå til innhold

Kurs i utførsel

Dette kurset gir deg basiskunnskap om tollprosedyrane ved eksport av varer.

Før du kan sende varer ut av Noreg, må du ha løyve frå Tolletaten. Dette får du ved å deklarere vara for Tolletaten. Det gjeld alle varer som skal eksporterast frå landet, enten dei er norske, fortolla eller ufortolla.

På dette kurset går vi gjennom prosedyrane eksportørane skal følgje når dei skal sende varer ut av landet. Kurset er ei blanding av presentasjon og løysing av cases og oppgåver.

Kursinnhald

Kurset tek til dømes for seg

  • kva er eksport, og kva for dokument bruker ein ved eksport
  • restriksjonar
  • TVINN og deklarasjonsplikta
  • utfyllingsreglar
  • klassifisering av varar
  • statistikk og utanrikshandel
  • transportprosedyrar

Kven passar kurset for?

Kurset passar til dømes for

  • deg som eksporterer varer
  • deg som vurderer å byrje med eksport av varer
  • speditørar
  • controllerar, rekneskapsførarar eller andre som kontrollerer tolldeklarasjonar i ettertid
  • deg som ønskjer å vite meir om tollprosedyrar ved eksport av varer

Krav til deltakarane

Det er ein fordel om du har noko erfaring med tollprosedyrar ved eksport av varer.

Tid

10. oktober 2017 klokken 09.00 - 15.00. Påmeldingsfrist 3. oktober 2017.

26. oktober 2017 klokken 09.00 - 15.00. Påmeldingsfrist 19. oktober 2017.

14. november 2017 klokken 09.00 - 15.00. Påmeldingsfrist 7. november 2017.

5. desember 2017 klokken 09.00 - 15.00. Påmeldingsfrist 28. november 2017.

Sted

Tolletaten held kursa i tollbygget vårt på Oslo Lufthavn Gardermoen, Edvard Griegs vei.

Pris

1.500 kroner for kvar person (inkl. lunsj og kursmateriell). Vi sender ut faktura etter at kurset er halde.

Tal på deltakarar

Maksimum 15 personar.

Meld deg på kurset

Arrangør

Infosenteret i Tollregion Oslo og Akershus.

Kontakt 

Mette Lonstad, telefon 22 34 68 23, mobil 902 46 860, e-post: oslo.kurs@toll.no

Sted

Gardermoen tollkontor
Tolletaten held kursa i tollbygget vårt på Oslo Lufthavn Gardermoen

 

Del med andre: