Gå til innhold

Tolldagen 2023: påmeldinga er opna

Tolldagen logo

Påmeldinga til Tolldagen den 23. november i Oslo Kongressenter er no opna.

Verda er i endring. Uforutsigbare tider skaper usikkerheit og set nye krav til korleis vi samhandlar. Korleis påverker dette norske aktørar som driv internasjonal handelsverksemd og kva grep skal vi ta?

Dette er tema vi skal diskutere på Tolldagen 2023. Vi får besøk av ekspertar frå offentleg og privat næringsliv. Bli med saman med andre bransjeaktørar for å høyre og dele erfaringar, når årets viktigaste hending for fagfolk innan internasjonal handel, toll, transport og spedisjon finn stad 23. november.

Program for Tolldagen 2023: Ei verd i endring

Merk: Det kan komma endringar i programmet

 

Tidspunkt

Tema

 

08.00

Dørene opnar

Registrering, kaffi og mingling

 

09.00

Åpning

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum

 

Velkomen

Tolldirektør Øystein Børmer og konferansier Sofie Høgestøl

Del 1: Dei globale politiske forholda og korleis dei påverkar næringslivet

Du møter mellom anna:

  • Geir Hågen Karlsen, oberstløytnant | hovudlærar Forsvarets høgskule
  • Juliana Baffoe, avdelingsdirektør UD seksjon for eksportkontroll
  • Øystein Børmer, tolldirektør

 

10.00

Del 2: Den globale økonomien: handel, kriser og framtida

Du møter mellom anna:

  • Kari Due-Andresen, sjefsøkonom og head of research, Akershus eiendom

 

11.00

Del 3: Tryggingspolitikk og næringslivskvardagen: trusselbiletet og samarbeid med styresmaktene

Du møter mellom anna:

  • Hanne Blomberg, seksjonsleiar PST kontraetterretningsavdeling
  • Odin Johannessen, direktør Næringslivets sikkerhetsråd

 

11.30

Lunsj 

 

12.30

Del 4: Handel over grensa: UCC, EU Customs Reform og grensetollsamarbeid - kva har me i vente?

Du møter mellom anna:

  • Tor Gjermund Fredriksen, Tolletatens representant i Brussel
  • Marianne Riise, seniorrådgivar utviklingsavdelinga Tolletaten
  • Anne Tørnquist, senior advisor Tullverket

 

14.00

Del 5: Digitaliseringsplanane til tolletaten: Digitoll status og framdrift

Du møter mellom anna:

  • Jan Erik Ressem, divisjonsdirektør for IT og digitalisering Tolletaten

 

15.00

Avslutning

Øystein Børmer og Sofie Høgestøl

 15.15

Slutt

 

Tolldagen er ein årleg heildagskonferanse som har blitt arrangert sidan 2013. Dette er Tolletaten sitt største arrangement og Tolldagen 2022 samla rundt 300 deltakarar. 

Deltaking

Stad: Oslo Kongressenter
Dato: 23. november
Tid: 09:00- 15:30

Du kan enten delta på konferansen i Oslo eller sjå direktesendinga. Det vil bli mogleg å få kjøpt tilgang til opptaket i ettertid.

Her finn du også oversikt over datoar og påmelding til dei svenske Tolldagane. 

Kansellering

Du kan kansellera påmeldinga di seinast to veker før arrangementet (seinast 10. november innan kl. 12.00). Deltakaravgift vil ikkje bli refundert etter denne datoen.

 

Ei lita oppsummering av Tolldagen 2022


Her kan du sjå bilete frå Tolldagen 2022:

1 / 6
2 / 6
3 / 6
4 / 6
5 / 6
6 / 6