Gå til innhold

Informasjon til ikkje-registrerte meirverdiavgiftspliktige

Forvaltingsansvaret for innførselsmeirverdiavgift vart overført til Skatteetaten i 2017. Her kan du finne meir informasjon om kva oppgåveoverføringa inneber for ikkje-registrerte mva-pliktige. Dette gjeld privatpersonar og nokre næringsverksemder. 

Privatpersonar

Privatpersonar skal betale tollavgift og andre avgifter til Tolletaten i samband med innførsel av varer. Tolletaten krev inn meirverdiavgift og/eller eventuell særavgift på vegner av Skatteetaten.

Verksemder som ikkje er registrerte i mva-registeret

Verksemder som innfører varer, som ikkje er registrert mva-pliktig eller som ikkje er registrert for særavgift, betalar avgiftene til Tolletaten ved godkjenning av deklarasjonen for prosedyren overgang til fri disponering. Tolletaten krev inn meirverdiavgift og/eller eventuell særavgift på vegner av Skatteetaten. Dersom verksemda vel å bruke speditør, skjer betalinga ved at speditøren nyttar dagsoppgjeret sitt og legg ut for importavgiftene på vegner av verksemda.

Endring av deklarasjon

Vil du endre opplysningar som tidlegare er deklarert og godkjent i TVINN ved innførsel eller utførsel, gjer du det ved å levere melding om eigenretting av deklarasjonen.  Privatpersonar kan levere elektronisk melding om eigenretting via Altinn, eller gå via speditør med tilgang til elektronisk endringNæringsverksemder med tilgang til å foreta ei elektronisk endring skal nytta dette.  

Ordninga med elektronisk endring held fram – det vil seie at du leverer melding om endring av deklarasjonane (ein endringsdeklarasjon) i TVINN. 

Refusjon av tollavgift og andre avgifter

Dersom du returnerer ei vare til avsendar i utlandet på grunn av feil eller manglar, kan du søkje om refusjon av avgiftene du betalte ved import.

Tolletaten skal behandle søknad om refusjon av tollavgift.

Skatteetaten skal behandle søknader om refusjonar som gjeld mva eller særavgifter.

Klage på tollavgift og andre avgifter ved innførsel av varer frå utlandet

I nokre tilfelle vil Tolletaten bestemme at du må betale meir i avgifter enn det du forventa. Er du usamd i dette, kan du klage. Dette gjeld for privatpersonar, verksemder som ikkje er mva-registrert, eller som ikkje er registrert for særavgifta det klagast på.

Du kan

  • klage til Tolletaten om tollavgift
  • klage til Skatteetaten om meirverdiavgift og særavgifter. 

Les meir på nettsidene til Skatteetaten om korleis du skal gje skriftleg melding om meirverdiavgift ved innførsel.