Gå til innhold

Informasjon til ikkje-registrerte mva-pliktige (gjeld privatpersonar og nokre næringsverksemder)

Forvaltingsansvaret for innførselsmeirverdiavgift vart overført til Skatteetaten i 2017. Her kan du finne meir informasjon om kva oppgåveoverføringa inneber for ikkje-registrerte mva-pliktige.

Privatpersonar

Privatpersonar skal som før betale toll og avgifter til Tolletaten i samband med innførsel av varer. Tolletaten krev inn meirverdiavgift og/eller eventuell særavgift på vegner av Skatteetetaten.

Verksemder som ikkje er registrerte i mva-registereret

Verksemder som innfører varer, som ikkje er registrert mva-pliktig eller som ikkje er registrert for særavgift, betalar avgiftene til Tolletaten ved godkjenning av tolldeklarasjonen, som i dag. Tolletaten krev inn meirverdiavgift og/eller eventuell særavgift på vegner av Skatteetetaten. Dersom verksemda vel å bruke speditør, skjer betalinga ved at speditøren nyttar dagsoppgjeret sitt og legg ut for importavgiftene på vegner av verksemda.

Ved endring av tolldeklarasjon

Vil du endre opplysningar som tidlegare er deklarert og godkjent i TVINN ved innførsel eller utførsel, gjer du det ved å søkje om endring av tolldeklarasjonen. Dette skal meldast til Tolletaten.

Ordninga med elektronisk omrekning held fram – det vil seie at du søkjer om endring av tolldeklarasjonane ved å levere ei elektronisk omrekning (eit forslag til ein endringsdeklarasjon) i TVINN.

Søknad om refusjon av toll og avgift

Dersom du returnerer ei vare til avsendar i utlandet på grunn av feil eller manglar, kan du søkje om refusjon av avgiftene du betalte ved import.

Tolletaten skal behandle søknad om refusjon av toll.

Skatteetaten skal behandle søknader om refusjonar som gjeld mva eller særavgifter.

Klage på toll og avgift ved innførsel av varer frå utlandet

I nokre tilfelle vil Tolletaten bestemme at du må betale meir i avgifter enn det du forventa. Er du usamd i dette, kan du klage. Dette gjeld for privatpersonar, verksemder som ikkje er mva-registrert eller som ikkje er registrert for særavgifta det klagast på.

Du kan

  • klage til Tolletaten om toll
  • klage til Skatteetaten om meirverdiavgift og særavgifter. 

Les meir på nettsidene til Skatteetaten om korleis du skal gje skriftleg melding om meirverdiavgift ved innførsel.