Gå til innhold

Utfylling av opphavsbevis EUR.1 og EUR-MED

Her finn du reglane for utfylling av opphavsbevis EUR.1 og EUR-MED, samt informasjon om den elektroniske løysinga for EUR.1. Eit korrekt utfylt bevis gjev deg preferansetollbehandling. Einaste skilnaden mellom EUR.1 og EUR-MED er utfylling av rubrikk 7. 

Det er to løysingar for EUR.1:

  • Den eine løysinga, heretter omtalt som papirløysinga, føreligger i snapsett à 3 ark. I papirløysinga skal sertifikatet fyllast ut av eksportøren eller eksportørens representant og attesterast (utferdast) av Tolletaten.
  • Den andre løysinga, heretter omtalt som den elektroniske løysinga, går ut på at eksportøren eller eksportørens representant fyller ut sertifikatet i Altinn. Denne løysinga er ikkje tilgjengeleg for privatpersonar.

Inntil vidare tilbyr Tolletaten begge løysingane for EUR.1 parallelt. EUR-MED finnast berre i papirløysing og blir fjerna i løpet av 2025.

Elektronisk løysing for EUR.1

For å få skrive ut elektronisk EUR.1 loggar du deg på Altinn. Søk etter Tolletaten eller Varesertifikat EUR.1, eller følg denne lenka direkte til Altinn. Fyll ut skjemaet, og du vil få eit ferdig varesertifikat med dato, tollstempel og underskrift.

NB: Varesertifikatet er fullstendig når du har

  • trykt på send inn,
  • lasta ned ein versjon med arkivreferansenummer (markert i raudt på sidene av dokumentet. Sjå døme nedanfor), 
  • skrive ut i farger og signert. Hugs å skrive stad og underskrift i rubrikk 12 og arkivreferansenummeret (AR-nummeret) i rubrikken over rubrikk 2  før sertifikatet vert sendt til mottakar/lagt ved varesendinga.
  • Side 2 skal ikkje fyllast ut av eksportøren, men leggjast ved varesendinga saman med side 1.

 Som godkjend eksportør kan du utferda opphavsbevis uten omsyn til verdien på sendinga. Du må ha god kjennskap om opphavsreglane for å få denne statusen. 

Ved bruk av elektronisk EUR.1 eller innskanna EUR.1 ved eksport til Marokko skal følgande erklæring fyllast ut av importøren i Marokko.

Papirløysing for EUR.1 og EUR-MED

Rubr. 1

Namn og adresse på eksportøren er obligatoriske opplysningar.

Rubr. 2

I norske utgåver av beviset er den nødvendige teksten alt påtrykt.

Rubr. 3

Utfylling av denne rubrikken er frivillig, men bør fyllast ut om varemottakaren er kjend.

Rubr. 4

Her skal det gjevast opp kvar varene har sitt opphav i medhald av opphavsreglane. Når beviset blir utferda i samsvar med opphavsreglane i EØS-avtalen, vil opphavet til produkta vere ”EØS”. Blir beviset utferda etter andre frihandelsavtalar, skal det i denne rubrikken oppførast det landet produktet er rekna å ha opphavet sitt i medhald av opphavsreglane i den aktuelle avtalen, til dømes ”Noreg”.

Rubr. 5 

Her skal mottakarlandet for produkta førast opp. Ved eksport til eit EU-land under EØS-avtalen, skal namnet på det aktuelle landet, ”EF” (”EC”) eller ”Fellesskapet” (”Community”) førast på.

Rubr. 6

Utfylling av rubrikken er frivillig. Her kan det likevel førast opp transportmåte, namn, nr. etc.

Rubr. 7

Rubrikken for merknader blir bl.a. brukt når eit opphavsbeviset er utferda seinare, t.d.

  • når opphavsbevis ikkje vart utferda på utførselstidspunktet på grunn av feil
  • utilsikta forsømmingar
  • på grunn av andre spesielle forhold

Rubrikken blir også brukt når det er utferda eit duplikat for det originale sertifikatet. Dette blir gjort i dei tilfella der beviset har vore utsett for anten

  • tjuveri
  • tap
  • øydelegging

Blir eksporten regulert av den bilaterale jordbruksprotokollen mellom EF og Noreg (Oporto-avtalen), skal det i rubrikken førast opp ”AGRI”.

For opphavsbevis EUR-MED skal du i tillegg krysse av om vara er kumulert med eller ikkje.

Rubrikken skal stemplast av Tolletaten ved behov. 

Rubr. 8

Rekkjenr.
Kvar varepost/vareslag skal nummererast fortløpande.

Merke og nr. på kollia
Identifiseringsnummer/- merke på kollia skal førast opp slik at dei samsvarer med dei tilhøyrande fraktdokumenta. I tilfelle der varene berre er merkte med mottakarens namn og adresse på fraktdokumenta, skal det påførast "adr.", eller eventuelt "u/mrk." i rubrikken.

Tal og art. på kollia
Talet på kolli skal samsvare med dei kollia i fakturaen som er oppgjevne å vere opphavsprodukt. Arten av kollia skal oppgjevast med t.d. "stk.", "fat", "kart.".

Vareslag
Vareslag skal opplysast ved å påføre den vanlege handelsnemninga på vara. Ikkje bruk mengdeskildringar, som t.d. ”konfeksjon, utstyr, metervarer, maskiner, delar, transportmiddel etc”.

Rubr. 9

Her oppgjev du måleeining som t.d. "kg, stk., liter, kubikkmeter, etc."

Rubr. 10

Utfylling av denne rubrikken er frivillig. Nummer og dato for fakturaen kan likevel vere viktige opplysningar for tollforvaltninga i importlandet.

Rubr. 11

Denne rubrikken er til bruk for tollforvaltninga i eksportlandet.

Rubr. 12

Erklæringa frå eksportøren skal underteiknast av eksportøren sjølv, eller av ein som har fullmakt frå den ansvarlege i firmaet til å underteikne. Underskrifta skal påførast for hand, ikkje med gummistempel eller faksimile. Rubrikken skal ikkje underteiknast av speditør, med mindre han har særskilt fullmakt frå den ansvarlege i eksportfirmaet.

Utfylling av rubrikk 8, 9 og 10 skal skje med enkel linjeavstand slik at det er uråd å tilføye noko mellom linjene. Dersom rubrikken ikkje blir fylt heilt ut, skal det rett under siste linje av vareskildringa trekkjast ein horisontal strek og den ubrukte plassen kryssast ut diagonalt.

Erklæring frå eksportøren

For at tollforvaltninga skal godta ein søknad om utferding av eit varesertifikat EUR.1 og EUR-MED, må eksportøren gje ei eigenerklæring. Denne erklæringa gjev ein på baksida av tredje ark i snapsettet som er søknadsdelen til varesertifikat EUR.1 og EUR-MED. Erklæringa skal fyllast ut av eksportøren og underteiknast av same person som har underteikna på framsida i rubrikk 12.

Av praktiske årsaker har vi utarbeidd standarderklæringar som eksportørane kan bruke i staden for å beskrive og dokumentere produksjonen av ferdigvara for kvar enkel eksport. Ved bruk av desse standarderklæringane tek eksportøren på seg det fulle ansvaret for at varene fyller dei krava som er sette for utferding av eit varesertifikat EUR.1 og EUR-MED. Dersom Tolletaten kontrollerer, må eksportøren dokumentere dei faktiske forholda.

Desse standarderklæringane kan brukast:

  1. "Vara(ene) er framstilt i heilskap i (…).”
    Denne erklæringa blir brukt for produkt frå primærnæringa (naturprodukt) og andre produkt som har oppnådd opphavsstatus utelukkande på grunnlag av materialar som er rekna å vere framstilt i heilskap i EØS, eventuelt i Noreg.
  2. "Vara(ene) er tilstrekkeleg tilarbeidd/foredla i (...)."
    Denne erklæringa blir brukt for produkt som gjennom tilstrekkeleg tilarbeiding/foredling har oppnådd opphavsstatus i samsvar med den aktuelle avtalen. Dette skjer ved at alle brukte tredjelandsmaterialar har gjennomgått den tilarbeidinga som er føreskriven i den listeregelen (prosessregelen) som gjeld for ferdigvara.
  3. "Vara(ene) blir gjenutførte frå Noreg i uendra stand eller etter utilstrekkeleg tilarbeiding/ /foredling. Vara(ene) har sitt opphav i (...).”
    Dersom eksporten skjer i medhald av EØS-avtalen, skal ”EØS” påførast i parentesen i alternativ 1 og 2. Dersom andre avtalar regulerer preferansehandelen, skal det i parentesane stå ”Noreg”. Erklæringa skal underskrivast av ein som har fullmakt frå den ansvarlege i firmaet til å gjere dette. Det skal vere same person som har underteikna i sertifikatets rubrikk 12. Ved å underteikne erklæringa forpliktar eksportøren seg til å kunne dokumentere at erklæringa og utferdinga av sertifikatet er riktig, og til å godta ein kvar kontroll av rekneskapar og produksjon.


Grunnlagsdokument som kan dokumentere opplysningar gjevne i beviset skal vere tilgjengeleg for kontroll alt på utferdingstidspunktet. Aktuelle grunnlagsdokument kan vere

  • leverandørerklæringar
  • underleverandørerklæringar
  • fakturaer
  • inngåande opphavsbevis
  • produksjonskalkylar
  • lagerrekneskap
  • slutt/-bryggjesetlar

Eksportøren forpliktar seg til å oppbevare alle grunnlagsdokument i 5 år. Tolletaten kan ta stikkprøvekontroller av opplysningar i eit opphavsbevis EUR.1 og EUR-MED utan mistanke om misleghald.

Båe opphavsbevisa ligg føre i snapset à 3 ark. Beviset vert attestert (utferda) av tollforvaltninga i eksportlandet og er gyldig i fire månader frå attestasjonen.

I forbindelse med helligdagar eller reduserte opningstidar kan tollkontora stempla og datera opphavsbevis EUR.1 med dato fram i tid.

Dette kjem av et sterkt ynskje frå spesielt fiskeribransja, der store eksportar skjer på dagar einskilde tollstedar held ekspederingen stengt.

Fremdateringen på bevisa skal kun være til fyrste mogelege opningsdag. 

Bestill EUR 1