Gå til innhold

Opphavsbevis

Dei mest vanlege opphavsbevisa er anten eit varesertifikat EUR.1/EUR-MED eller ei opphavserklæring.

I frihandelsavtalane som Noreg har inngått, er det mogleg å bruke ulike opphavsbevis.

Vanlegast er anten eit varesertifikat EUR.1 eller ei opphavserklæring (fakturaerklæring). Dei to ulike typane opphavsbevis er sidestilte. Opphavsbeviset er det dokumentet som importøren leggjer fram for tollforvaltninga når dei ber om preferansetollbehandling.

Reglane ved utferding av opphavsbevisa kan vere litt ulike for ulike land. 

Varesertifikat EUR-MED og opphavserklæring EUR-MED blir brukte ved kumulasjon. Reglane for bruk er identiske med dei som gjeld for varesertifikat EUR 1 og opphavserklæring.

Plikter ved utferding av opphavsbevis

Det er viktig å merke seg at det er du som eksportør som har ansvar for å dokumentere at produkta faktisk oppfyller alle vilkår for å få preferansetollbehandling.

Som eksportør utferdar du opphavsbeviset. Du må kunne bevise at produktet oppfyller vilkåra både på utferdingstidspunktet, og seinare dersom tollforvaltninga ynskjer etterkontroll av opphavsbeviset.

Er du ikkje i stand til å dokumentere opphavsstatusen til vara, vil dei bli rekna for å ha ukjent opphav. Dette tyder at vara ikkje får preferansetollbehandling i importlandet.

Dersom kontrollen skjer i etterhand, vil importøren normalt få etterberekna eit krav på tollbeløpet. Dette kan igjen føre til regresskrav frå importøren overfor deg.

Du pliktar å oppbevare kopiar av opphavserklæringar og grunnlagsdokumentasjon for opphavsstatusen til vara i minst 5 år, jf vareførselsforskriftens § 7-5-2, jf. 7-5-1. Kva som er aktuell grunnlagsdokumentasjon kan variere, men vil typisk vere dokument som er med på å byggje opp under opplysningane på opphavsbeviset.

Kva for grunnlagsdokument som er påkravde, vil blant anna avhenge av

  • kva slags varer du produserer og eksporterer
  • kva for opphavsreglar som gjeld for ferdigvara
  • kva slags materialar du bruker
  • kva for alternativ du har for å dokumentere opphavet

Døme kan vere fakturaer, leverandørerklæringar og eventuelle underleverandørerklæringar.

Varesertifikat EUR.1

Varesertifikat EUR.1 er eit skjema som alle eksportørar kan bruke og har ingen verdiavgrensing. 

Frå og med 2. april 2020 finnes det to løysningar:

  • Den eine løysinga, heretter omtalt som papirløysinga, føreligger i snap-sett à tre ark. I papirløysinga skal sertifikatet fyllast ut av eksportøren eller eksportørens representant og attesterast (utferdast) av Tolletaten.
  • Den andre og nye løysinga, heretter omtalt som den elektroniske løysinga, ble introdusert 2. april 2020 og går ut på at eksportøren eller eksportørens representant fyller ut sertifikatet i Altinn. Den elektroniske løysinga er ikkje tilgjengeleg for privatpersonar.

Inntil vidare godtar Tolletaten begge løysningane parallelt.

Opphavserklæring

Bruken av opphavserklæringar kan delast i to. Dei kan brukast av ein kvar eksportør, eller av godkjende eksportørar.

Ei opphavserklæring (fakturaerklæring) blir påført fakturaen eller eit anna handelsdokument av eksportøren, og skal dokumentere opphavsstatusen til vara for importøren og styresmaktene.

Den må ikkje attesterast av Tolletaten. Du kan bruke den dersom verdien på opphavsprodukta ikkje overstig 65 000 kroner.

Er du ein såkalla godkjend eksportør kan du bruke opphavserklæringar uansett verdi.

Alle avtalane inneheld dei språkversjonane som er tillatne å bruke i den aktuelle avtalen.

Sjølv om du kan skrive opphavserklæringa på fleire språk, rår vi til at du skriv ho på same språk som er brukt i fakturaen, når ikkje avtalen fastset anna.

For at ei opphavserklæring skal vere gyldig, er det enkelte formkrav som må oppfyllast

  • ho må vere korrekt oppgjeven på fakturaen eller eit anna handelsdokument
  • ho må vere utferda av eksportøren
  • ei handskriven erklæring skal vere skriven med blekk og trykte bokstavar
  • det må tydeleg merkjast kva produkt som er omfatta / ikkje omfatta av erklæringa
  • under sjølve opphavserklæringa skal det påførast stad og dato, med mindre desse opplysningane kjem fram ein annan stad på dokumentet.

Opphavserklæringa skal i utgangspunktet vere underteikna i original. Namnet på den som underteiknar skal også førast opp. Godkjende eksportørar kan få dispensasjon frå kravet om å underteikne.

Ei opphavserklæring er gyldig i fire månader.

Opphavserklæringar som blir utferda ved eksport frå Noreg har Tolletaten svært lite med å gjere, ettersom det ikkje er nødvendig at desse blir attesterte av Tolletaten.

Godkjend eksportør

Tollforvaltninga kan gje deg status som godkjend eksportør (approved exporter). Har du fått ein slik status kan du utferde opphavserklæringar uavhengig av verdien på dei eksporterte varene.

Som godkjend eksportør får du også andre letter i krava som gjeld for å utferde opphavserklæringar. I alle frihandelsavtalane som Noreg har inngått, er det etablert ei ordning for godkjende eksportørar.

Det kjem fram av opphavserklæringa om du er ein godkjend eksportør ved at det er påført eit autorisasjonsnummer i erklæringa. Kvart enkelt land har sin eigen måte å utforme autorisasjonsnummer på.

I Noreg består autorisasjonsnummeret av landkode, årstal for registrering og føretaksnummeret til firmaet.

For å bli godkjend eksportør er det blant anna kravd at du

  • har hyppig eksport
  • set deg inn i og held deg oppdatert om reglane i opphavsregelverket
  • har dei nødvendige garantiane for å stadfeste opphavsstatus på dei eksporterte produkta.

Tollforvaltninga kan når som helst trekkje godkjenninga attende dersom du ikkje oppfyller krava.

Du skal sende søknad om godkjenning til Vareførselsdivisjonen. Hugs å skrive inn adressa til føretaket.

Ein kvar eksportør

Er du ikkje ein godkjend eksportør, kan du bruke opphavserklæringar dersom verdien av opphavsprodukta i sendinga ikkje overstig 65 000 kroner. Du må alltid underteikne kvar enkelt erklæring.

Skal du sende opphavsprodukt med verdi over 65 000 kroner, må du bruke varesertifikat EUR.1.

Leverandørerklæring

Er vara din laga av innsatsmaterialar som er produserte av ein underleverandør, er det i di eiga interesse at du mottek ei leverandørerklæring. Dei er bevis for den tilarbeidinga eller foredlinga den ferdige vara har gjennomgått, og du kan ikkje utferde eit opphavsbevis utan den.

Den som utferdar ei leverandørerklæring har den same bevisbyrda som deg når du utferdar ei opphavserklæring eller eit varesertifikat EUR.1.

Nasjonale opphavsbevis

Tolletaten og norske handelskammer kan attestere Certificate of Origin. Dette gjev inga preferansetollbehandling, men blir brukt i samband med betalingsformidling, handelsrestriksjonar, handelsstatistikk, opphavsmerking, offentlege anskaffingar eller lisensiering.

Verifisering

Alle utferda opphavsbevis kan bli etterkontrollerte. Etterkontroll skjer vanlegvis på grunnlag av førespurnad om verifisering frå utanlandske tollforvaltningar.

Etterkontroll av utferda opphavsbevis kan også utførast som stikkprøvar på Tolletatens initiativ.

Kontrollen av norske eksportørar blir gjort av Tolletaten. Har du utferda eit opphavsbevis for varer som ikkje har opphavsstatus, vil det bli gjeve melding om dette til styresmaktene i mottakarlandet, og opphavsbeviset blir kalla attende. Mottakar må då betale full tollavgift for vara i ettertid, og du kan få eit regresskrav mot deg.