Gå til innhold

Godkjende eksportørar

Er du ein eksportør med kunnskap om opphavsreglane i frihandelsavtalane kan du autoriserast som godkjend eksportør. Då kan du sjølv utferde opphavsbevis utan omsyn til verdien på sendinga.

Oppfyller du desse vilkåra kan du bli godkjend eksportør, uansett om du eksporterer råvarer eller ferdigvarer: 

  • Du utfører hyppig eksport av produkt i medhald av den aktuelle frihandelsavtalen. Med hyppig eksport meiner vi at eksport er ein naturleg del av handelsmønsteret for di bedrift og at eksporten skjer jamleg gjennom heile året. 

  • Du gjev på tilfredsstillande måte nødvendige garantiar overfor Tolletaten for å stadfeste opphavsstatusen til produkta og at dei andre vilkåra i opphavsprotokollen er oppfylt. 

Autorisasjon blir berre gjeven til eksportørar som handlar med opphavsvarer. Ein eksportør kan både vere produsent, eksportør eller vidareforhandlar (trader). Du søkjer til Vareførselsdivisjonen i Tolletaten. 

Vilkår og dokumentasjon

Vi krev at du skal ha kjennskap til gjeldande opphavsreglar og ha alle dokument som beviser opphavet av dei eksporterte varene som oppgjeve i opphavsbevisa du utferdar. 

Du må ha lager- og/eller rekneskapssystem som gjer det mogleg å identifisere opphavet på varene, uavhengig av om du sjølv har produksjon eller ikkje. Er du eksportør og produsent, må du kunne dokumentere at produksjonen av den eksporterte vara tilfredsstiller vilkåra fastsette i opphavsreglane for den vara. 

  • Firmaet skal utpeike ein eller fleire person(ar) som skal vere ansvarlege for at bedrifta følgjer dei til kvar tid gjeldande opphavsreglane som er fastsette i den enkelte frihandelsavtalen bedrifta ynskjer å bruke. 

  • Firmaet skal til kvar tid ha eigne folk med ansvar for at opphavsregelverket blir overhalde og at bedrifta held seg oppdatert på regelverket. 

  • Firmaet må straks gje melding til Tolletaten om endringar med omsyn til ansvarleg(e) person(ar). 

  • Det skal vere ein (eller fleire) kontaktpersonar i firmaet som Tolletaten kan kontakte i samband med kontroll og kurs- og opplæringsverksemd. 

Oppbevaringsplikt

Oppbevaringsplikta for kopi av opphavserklæringer, andre eksportdokument, bevismateriale og andre grunnlagsdokument er 5 år. 

Kor lenge er autorisasjonen gyldig?

Ved fyrste gongs autorisasjon er det ein prøveperiode, normalt avgrensa til 24 månader. 
I løpet av prøveperioden skal bedrifta di godtgjere overfor Tolletaten at alle vilkår i løyvet er oppfylt. 

Ynskjer du ei forlenging av autorisasjonen, bør du søkje om dette seinast 2 månader for utløpet av prøveperioden. Utan søknad blir løyvet automatisk drege attende ved utløpsdatoen. 

Forlengja autorisasjon blir gjeven for ein periode på inntil 5 år, med høve for seinare forlengingar.Tolletaten vil overvake bruken av autorisasjonen. Han kan trekkjast attende dersom du ikkje lenger er i stand til å gje dei nødvendige garantiane, vilkåra ikkje blir oppfylte eller autorisasjonen blir brukt feilaktig. Feilaktig utferda opphavsbevis kan også medføre regresskrav frå importøren som i slike tilfelle må betale tollavgift for varene. 

Verifikasjonar

Tolletaten vil utføre etterkontroll (verifikasjon) av utferda opphavsbevis.