Gå til innhold

Ein frihandelsavtale omfattar ikkje alle varer

Kvar enkelt frihandelsavtale har eit vareomfang - ei liste over kva varer avtalen omfattar. Dette tyder at ikkje alle varer er omfatta av frihandelsavtalane.

For å finne kva varer det er mogleg å få tollpreferanse for, må vareomfanget for den enkelte avtalen sjekkast. Listene over vareomfanget er basert på HS-nomenklaturen (tolltariffen).

Vareomfanget er omtalt i eigne protokollar eller vedlegg til den enkelte avtale.

Tradisjonelt er vareomfanget i frihandelsavtalane delt opp i fem delar

  • tilarbeidde landbruksprodukt
  • basis landbruksprodukt
  • fisk og produkt frå havet
  • industriprodukter
  • produkt som ikkje er omfatta

Tilarbeidde landbruksprodukt

Tilarbeidde landbruksprodukt er omtalte i ein eigen protokoll eller eit eige vedlegg til den enkelte frihandelsavtalen. Vedlegget viser kva produkt som er omfatta, og kva tollavgiftssatsar produkta får ved innførsel til den enkelte avtaleparten. I EØS-avtalen er vareomfanget for tilarbeidde landbruksprodukt omtalt i Protokoll 3 i avtalen.

Basis landbruksprodukt

Basis landbruksprodukt er ikkje omfatta av hovudavtalen, men regulert av bilaterale landbruksavtalar med den enkelte frihandelspart. Desse avtalane er som oftast ikkje direkte knytte til frihandelsavtalen og har vanlegvis eigne reglar som gjeld mellom Noreg og avtaleparten.

Fisk og produkt frå havet

Fisk og produkt frå havet er tekne inn i ein eigen protokoll eller eit eige vedlegg til den enkelte frihandelsavtalen som blant anna forklarer kva produkt som er med i vareomfanget. EFTA ynskjer alltid å få full frihandel – altså fridom for tollavgift for all fisk og produkt frå havet. I EØS-avtalen er desse produkta omtalte i Protokoll 9.

Industriprodukt

Industriprodukt er omtalte i sjølve hovudavtalen, og ved innførsel til Noreg (EFTA-landa) gjev ein full fridom for tollavgift for alle produkt i kapittel 25-97 i tolltariffen. Det er unntak for enkelte produkt som blir rekna som landbruksvarer sjølv om dei ikkje er klassifiserte i kapitla 1-24.

Produkt som ikkje er omfatta

Produkt som ikkje er omfatta av avtalen, finn du i ein eigen protokoll eller i eit eige vedlegg. I dei fleste avtalane er det berre enkelte produkt i kapitla 35-38 som er unnatekne frå vareomfanget fordi dei blir rekna som landbruksprodukt. I EØS-avtalen finn du desse produkta i Protokoll 2.

Asymmetri

Enkelte av avtalane er asymmetriske, som i praksis tyder at ein part gjev lågare tollavgiftssatsar enn den andre parten over en gjeven tidsperiode.

Døme:
EFTA-landa tilbyr full fridom for tollavgift for alle industriprodukt, men avtaleparten ynskjer å beskytte eigen produksjon av slike varer. Då vil slike produkt ikkje få full fridom for tollavgift frå dag 1, men tollavgiftssatsane vil bli reduserte over tid.