Tollregion Nord-Noreg omfattar Troms og Finnmark.
Regiontollstaden ligg i Tromsø. Tollregionen har bemanning i Hammerfest, Harstad, Helligskogen, Kirkenes, Neiden, Polmak, Storskog og Vadsø.
Tollregion Nord-Noreg har ansvaret for verksemda mot Svalbard og Jan Mayen, som i tollsamanheng er utland og heller ikkje er med i EØS eller Schengen.
Regiondirektør er Atle Joakimsen.
Aktuelle saker frå regionen i 2011
Første fleirsøkshund godkjend
I desember 2011 fekk Tollregion Nord-Noreg godkjent den første ekvipasjen med fleirsøkshund. Hundeførar og førstetollinspektør June Rognmo har arbeidd saman med jaktlabradoren Diesel sidan sommaren 2011. Diesel er fire og eit halvt år gammal og av engelsk opphav. At Diesel er ein fleirsøkshund, betyr at han kan søkje etter både sigarettar og narkotika. Sidan sigarettar i utgangspunktet er ei lovleg vare, er hunden trena opp til å markere berre på større mengder. Det er tydeleg at god luktesans ligg til denne «hundefamilien», for broren Ben arbeider til dagleg som valutahund på Gardermoen.
Jaktlabradoren Diesel har nase for både sigarettar og narkotika. Foto: Tollvesenet
Samarbeid mellom tollvesenet, Mattilsynet og reindriftsforvaltinga
Tollregion Nord-Noreg har sidan sommaren 2011 samarbeidd med Mattilsynet og reindriftsforvaltinga om utfordringar knytte til ulike tidspunkt for lovleg beiting i grenseområda mellom Noreg og Sverige. Beitetidene for svensk rein i Troms er frå 1. mai til 14. september. Beiting er berre lov i bestemte område som følgjer av reinbeitelova.
I april 2011 blei det ved ti tilfelle frakta til saman 1423 levande rein frå Sverige via Finland til Noreg. Flokkane passerte grenseovergangen ved Helligskogen tollstad ti–tolv dagar før beiteperioden starta. For å unngå fleire slike hendingar i framtida blei det hausten 2011 sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Mattilsynet, reindriftsforvaltinga og Tollregion Nord-Noreg. Målet med samarbeidet var å få klarlagt regelverket til dei enkelte etatane og finne ut korleis etatane best skal kommunisere med kvarandre for å vareta regelverket. Før neste beitesesong vil det gå ut brev til dei aktuelle samebyane med informasjon om regelverket på den norske sida av grensa.
Uvêr og stengde vegar
Stengde vegar vinterstid fører til endra trafikkmønster. Når ei viktig ferdselsåre som E6 over Kvænangsfjellet stengjer, blir alternativet å køyre gjennom Finland. Det fører igjen til at det blir meir trafikk over tollstadene Kivilompolo og Helligskogen. Det medfører auka reisetid, både på grunn av lengre køyreavstand og fordi det blir ei ekstra grensepassering.
Meir trafikk til Russland
Den einaste norske grenseovergangen til Russland har også i 2011 hatt aukande trafikk. 195 000 reisande passerte grensa ved Storskog; det er 54 000 fleire enn året før. Grensehandelen i nord skil seg ut fordi det i stor grad er russiske borgarar som kjem til Noreg for å handle. Grensa er fysisk stengd frå klokka ni om kvelden til klokka sju neste morgon.