Tollregionen omfattar Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder.
Regiontollstaden ligg i Kristiansand. Tollregionen har ansvar for ein stor del av ferjetrafikken til Noreg med anløp i Sandefjord, Larvik og Kristiansand. Lufthamnene i Kristiansand og på Torp har mange internasjonale avgangar.
Tollregionen har kontor i Kristiansand, Grenland, Sandefjord og Drammen.
Regiondirektør er Thorleif Andreassen.
Aktuelle saker frå regionen i 2011
Smugla ein halv million inni eit brød
I desember kontrollerte tollarar på kaia i Larvik passasjerar som skulle om bord på danskebåten. Med god hjelp frå valutahunden Dan blei eit ektepar avslørt med 62 000 euro som var gøymde inni eit uthola brød, og 38 000 euro inni ein termos. I tillegg hadde dei kontantar på kroppen. Totalt blei det funne 100 320 euro. Ekteparet sa at pengane stamma frå eit hussal. Valuta over 25 000 kroner skal deklarerast for tollvesenet ved inn- og utførsel.
Valutasmugling er eit satsingsområde for tollvesenet. I Larvik blei eit ektepar stoppa med over 100 000 euro. Ein del av pengane var gøymde inni eit brød.
Ufortolla lokomotiv og jernbanevogner
Tollregion Sør-Noreg oppdaga i 2011 at fire lokomotiv og 76 jernbanevogner er blitt innførte og nytta i Noreg i ein periode på fleire år utan å vere fortolla. Det skjedde etter at tollregionen analyserte opplysningar frå TVINN og samanlikna dei med valutaregisteret. Eit norsk selskap som opererer diesellokomotiv, har dessutan unnlate å registrere seg for NOx-avgifta. Etterberekna meirverdiavgift inkludert tillegg og renter utgjorde vel 25 millionar kroner, mens kravet for NOx-avgifta blei på vel 1,5 millionar kroner.
Hasjbeslag på 560 kilo
I oktober 2011 beslagla tollarar ved Sandefjord tollstad 560 kilo hasj på ein utanlandskregistrert trailer då han kom med ferja «Super Speed 2» frå Hirtshals til Larvik. Hasjen låg på to pallar inst på traileren, som elles hadde 24 pallar med legale varer. Beslaget er det nest største nokosinne og det største hasjbeslaget som er teke på trailer i Noreg. Det beslaglagde hasjpartiet har ein gateverdi på 75 millionar kroner.
Samarbeid gir resultat
Tollregion Sør-Noreg har eit utstrekt samarbeid med andre etatar. I 2011 har tollvesenet delteke i fleire aksjonar langs E18 gjennom agderfylka saman med mellom anna Statens vegvesen og politiet. Hovudmålet for desse kontrollane har vore å avdekkje ulovleg bruk av utanlandskregisterte bilar og bruk av farga diesel i køyretøy som ikkje har rett til å bruke slik diesel.
Desse kontrollane har òg ført til ei rekkje større beslag av høgt avgiftsbelagde varer som øl, sigarettar og brennevin. Nokre av bilane som er blitt stoppa, har vore så tungt lasta at dei har vore ein fare for annan trafikk.