Omregistreringsavgift er ei avgift du må betale til staten når ein bil eller eit anna køyretøy blir registrert på ny eigar i det sentrale motorvognregisteret. Køyretøyet må tidlegare ha vore registrert i Noreg.
Tollvesenet har ansvaret for å krevje inn omregistreringsavgifta, men registreringa og det praktiske rundt dette skjer hos Statens vegvesen.
Kva kostar omregistreringa?
Statens vegvesen har ei SMS-teneste som gir deg omregistreringsavgifta basert på bilnummeret, sjå
www.vegvesen.no/sms.
Betalt for mykje?
Dersom Statens vegvesen har sendt deg eit brev om at du har betalt for høg omregistreringsavgift og har eit beløp tilgode, må du sende eit krav om tilbakebetaling til Tollregion Oslo og Akershus:
- eller brev til : Tollregion Oslo og Akershus, Pb 8122, 0032 OSLO.
Du må oppgje kjennemerket på kjøretøyet, KID-nummeret du brukte og frå kva for ein bankkonto du betalte beløpet frå. Det er ein føresetnad at Statens vegvesen allereie har gjennomført omregistreringa, det vil seie at du har motteke vognkortet i ditt namn.
Slik omregistrerer du eit køyretøy:
- Seljaren leverer eller sender inn melding om eigarskifte (salsmelding) til ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen.
- Betaling av omregistreringsavgifta:
Gjer éin av delane:
– Etter at Statens vegvesen har motteke salsmeldinga, sender dei den nye eigaren Tollvesenets giro for betaling av omregistreringsavgift. Ved å nytte KID-nummeret på denne fakturaen får trafikkstasjonen automatisk melding om at avgifta er betalt. Det kan ta opptil 14 dagar før innbetalinga er registrert innbetalt på kontoen til Tollvesenet, avhengig av kva betalingsform som er vald.
– Dersom omregistreringa må gjerast med det same, kan giro hentast på trafikkstasjonen. Vel du denne løysinga, må du etter at du har betalt, leggje fram gyldig kvittering til trafikkstasjonen.
- Nytt vognkort frå Statens vegvesen:
Når innbetalinga er registrert og alt er i orden elles (EU-kontroll, forsikring og liknande), vil trafikkstasjonen fullføre omregistreringa og skrive ut vognkortet til den nye eigaren.
Finn salsmeldingsskjema på: www.vegvesen.no
Avgiftsfritak
I visse tilfelle kan du sleppe å betale omregistreringsavgift:
- Køyretøyet blir omregistrert til ektefellen. (Omregistrering mellom sambuarar gir ikkje avgiftsfritak.)
- Mellom foreldre og barn som arv (gjeld ikkje forskot på arv).
- Køyretøyet har vore registrert i meir enn 30 år.
- Kjøpet blir heva eller omlevert etter føresegnene i kjøpslova eller forbrukarkjøpslova. Søknad må sendast til Tollvesenet.
- Køyretøyet har vore registrert på same eigaren i to månader eller mindre.
- Ved fusjon mellom aksjeselskap.
Sjå alle unntaka i § 2 i vedtak om omregistreringsavgift
Har du spørsmål om omregistreringa, kan du ta kontakt med Tollvesenet på
tlf. 22 86 02 00.