A a a+
Køyretøy

Vrakpant

Oppdatert: 19.12.2012

Utbetaling av vrakpant

Når du vrakar bilen din på ein godkjend vrakplass, får du utbetalt vrakpant etter gjeldande sats. Tollvesenet utbetaler i hovudsak vrakpant kvar 14. dag.
 
Vrakpant for 2013: 2 500 kroner
 

 

Vrakpantavgift ved første gongs registrering

Ved innførsel av bil og dei fleste andre køyretøy til Noreg må du betale vrakpantavgift. Motorsyklar er unnatekne. Denne avgifta krev Tollvesenet inn samtidig med eingongsavgifta når bilen blir registrert første gongen i motorvognregisteret[?] i Noreg.
 
Vrakpantavgift for 2013: 2 000 kroner

Spørsmål og svar

Varierer utbetalinga av vrakpant?
Ja. Satsane for vrakpant er det Stortinget som fastset i samband med dei årlege budsjettvedtaka. I 2008 blei det innført ei mellombels ordning med høgare sats for gamle bilar, men ho blei ikkje vidareført for 2009. Satsane blir fastsette for eitt år om gongen.