A a a+
Køyretøy

Innførsel av bil, motorsykkel eller anna køyretøy

Oppdatert: 20.12.2012 | Gyldig frå 01.01.2013
 

Slik innfører du køyretøy til Noreg:

1. Før innførsel

Du må undersøkje med Statens vegvesen kva for tekniske krav som blir stilte til køyretøyet i samband med registreringa i Noreg.
 
Du bør undersøkje følgjande med myndigheitene i landet der du kjøpar køyretøyet:

• Eventuelle eksportrestriksjonar og eksportklarering
• Har bilen gyldige skilt og gyldig forsikring for å kunne køyrast til og i Noreg?
 
Refusjon av utanlandsk meirverdiavgift: Dette er ei sak mellom kjøparen og seljaren og vedkjem ikkje norske tollmyndigheiter.
 

2. Framkomst norsk grense

Bruk betent grenseovergang.
Meld deg på raud sone. Dersom ikkje Tollvesenet i utlandet alt har skrive ut eit transitteringsdokument[?], vil Tollvesenet på grensa gjere det. Mottakartollstaden blir oppgitt i transitteringsdokumentet. 
 
  

3. Fortolling: Betale meirverdiavgift hos Tollvesenet

Innan ein tidsfrist (vanlegvis éin til tre dagar) må du melde deg på mottakartollstaden. Dersom fristen ikkje blir halden, kan Tollvesenet krevje inn tilleggsavgifter. Du skal no betale meirverdiavgift og eventuell avgift for klimagass for køyretøyet. Dette kallar ein fortolling sjølv om du ikkje betaler toll.
 
 
Ta med desse dokumenta
  • transitteringsdokumentet
  • faktura eller kjøpekontrakt som viser den faktiske kjøpesummen, og eventuell fraktfaktura og dokumentasjon på eventuelle andre utgifter som har komme i tillegg før passering av norskegrensa (til dømes forsikring)
  • eventuelt originalt utanlandsk registreringsdokument Samsvarssertifikat (COC)[?]. Ved import av nye bilar der samsvarsdokumentet blir framlagt, kan du i dei fleste tilfella betale eingongsavgifta samtidig med meirverdiavgifta.
Ønskjer du å betale meirverdiavgifta allereie når du passerer grensa, må du undersøkje dette direkte med den aktuelle grenseovergangen.
 
 
Du kan bruke køyretøy med utanlandske kjennemerke i Noreg i inntil 30 dagar rekna frå tidspunktet da du fortolla bilen inn i landet. Dei utanlandske kjennemerka må vere gyldige, og køyretøyet må ha gyldig forsikring. Har ikkje køyretøyet gyldige utanlandske kjennemerke, kan du kjøpe dagsprøvekjennemerke hos ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen.
 

4. Enkeltgodkjenning av brukte køyretøy hos Statens vegvesen

Statens vegvesen skal enkeltgodkjenne alle brukte køyretøy som blir tekne inn til landet, ved ein av trafikkstasjonane sine. Det må skje før Tollvesenet skal rekne ut eingongs- og vrakpantavgifta. Meirverdiavgifta må vere betalt til Tollvesenet før enkeltgodkjenninga. Ved godkjenninga registrerer Statens vegvesen avgiftsgrunnlaget i motorvognregisteret. 

 

5. Betale eingongsavgift hos Tollvesenet

Etter at du har fått bilen enkeltgodkjend ved ein trafikkstasjon, skal du ta kontakt med det lokale tollkontoret for å få rekna ut desse avgiftene:
 
 
 
Når Tollvesenet ser at avgiftene er betalte, vil den nødvendige attestasjonen på registreringskortet (blankett NA-0221) bli gjord. Dersom du betaler på staden, kan dette gjerast med det same. Registreringskortet skal du ta med deg når du registrerer bilen hos vegmyndigheitene.

 

For næringsdrivande: Registrering som avgiftspliktig  

For å oppnå ei mest mogleg rasjonell registrering av køyretøy er det etablert ei ordning for bilforhandlarar med fleire. Dei kan registrere seg som avgiftspliktige hos Tollvesenet og oppnår då kredit for eingongsavgifta.
 
Søknad om registrering som avgiftspliktig for eingongsavgift skal sendast til den tollregionen der vedkommande har verksemda si etter Føretaksregisteret.
 

6. Registrering av køyretøyet hos Statens vegvesen

Køyretøyet kan nå godkjennast og registrerast hos ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen eller gjennom Autoreg hos ein forhandlar med tilgang til dette systemet.
 
Dei fleste trafikkstasjonar har timebestilling for registrering av køyretøy.
Ved registrering må du ta med diverse dokument, deriblant det attesterte registreringskortet (NA-0221).
 
 
Når du registrerer køyretøyet på trafikkstasjonen, må du levere inn eventuelle utanlandske kjennemerke. Viss du har levert inn dei utanlandske kjennemerka på eit tidlegare tidspunkt, må du kunne dokumentere dette før du kan få norske kjennemerke. 
 

7. Betaling av årsavgift

Du vil få krav om årsavgift frå Tollvesenet i etterkant av registreringa, med cirka tre veker betalingsfrist.
 
 
Gratulerer! Etter å ha gjort alt dette har du innført og registrert eit køyretøy til Noreg.
 
Synest du dette er komplisert? Då er du velkommen til å ringje infosenteret til Tollvesenet på tlf. 03012.
 

Relaterte sider

Spørsmål og svar

Eg har ikkje blanketten "Melding til avgiftsberekning og registrering" (NA-0221). Kva no?
Trafikkstasjonen krev at du skaffar blanketten før du får enkeltgodkjent køyretøyet. Tollvesenet kan etter søknad skrive ut ny blankett. Send dokumentert søknad til tollregionen du er busett i. Er køyretøyet nyleg fortolla og du har kvittering for det, kan du ta kontakt med speditøren eller tollstaden der køyretøyet blei fortolla (der du betalte meirverdiavgift).
Eg får ikkje registrert køyretøyet/campingvogna hos Vegvesenet fordi det ikkje finst dokumentasjon på betalt meirverdiavgift. Kvifor?

Køyretøyet kan vere teke inn til landet utan å vere fortolla. Kontakt Tollvesenet for å få meir informasjon.

Hos Vegvesenet seier dei at eg ikkje har fortolla bilen, men det har eg. Kva kan vere feil?
Melding om kva køyretøy som er fortolla, blir overført elektronisk to gonger om dagen frå Tollvesenet til motorvognregisteret. Det skjer kl. 12 og kl. 17.30. Dersom Statens vegvesen ikkje finn understellsnummeret til bilen i motorvognregisteret, må Tollvesenet kontaktast.
  1. Var informasjonen nyttig?