A a a+
Informasjon om årsavgifta

Avskilting

Oppdatert: 18.05.2012
Fristen for avskilting for å unngå årsavgift påfølgjande år er 31. desember. Kjennemerka (skilta) til køyretøyet må leverast til ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen.
 

Kvifor er bilen min avskilta?

Dei vanlegaste grunnane til avskilting:
  • årsavgifta er ikkje betalt
  • bilforsikringa er ikkje i orden
  • EU-kontrollen er ikkje i orden

Dersom du trur avskiltinga kjem av at du ikkje har betalt årsavgift, kan du ta kontakt med årsavgiftskontoret til Tollvesenet på tlf. 22 86 02 00.

Dersom avskiltinga er gjord av andre grunnar, kan du ta kontakt med Statens vegvesen.

Dette skjer om du ikkje betaler årsavgifta innan fristen:

  • Bileigarar som ikkje betaler årsavgifta innan fristen, vil få tilsendt purring og krav om tilleggsavgift.
  • Dersom avgiftene ikkje blir betalte etter purring, vil Tollvesenet vedta avskilting av køyretøyet.
  • Ordninga med oblat er avvikla. Tollvesenet vil bruke elektronisk avlesning av kjennemerke for å avdekke at årsavgifta ikkje er betalt.
  • Blir køyretøyet avskilta, må du betale årsavgift, tilleggsavgift og gebyr[?] før du kan registrere det på nytt.

Spørsmål og svar

Har du fått påkrav/varsel om avskilting utan å ha motteke krav i mars?
Regelverket seier at eigaren er ansvarleg for å betale årsavgifta til forfall, sjølv om kravet ikkje er motteke. Betalingar etter 21. mars medfører automatisk tilleggsavgift.
Illustrasjonsfoto årsavgift avskilting

Varsling om endringar

Du kan abonnere på endringar om eit tema eller kategori ved å opprette eit abonnement.

Opprett abonnement