A a a+
Informasjon om årsavgifta

Årsavgifta 2013

Oppdatert: 08.01.2013 | Gyldig frå 01.01.2013

 

Det må betalast årsavgift for registrerte køyretøy under 7 500 kilo.

  • Tollvesenet sender ut krav om innbetaling i midten av februar til eigarar som er registrerte i motorvognregisteret[?] per 1. januar. Betalingsfristen er 20. mars.
  • For køyretøy som du registrerer i løpet av året, er betalingsfristen den 30. i månaden etter registreringa.
  • Betalar du for seint, må du betale ein tilleggsavgift.
  • Krav som ikkje blir betalt, vil bli innfordra, og køyretøyet kan bli avskilta.
  • Ordninga med oblat vart avvikla i 2012.

Stortinget vedtek satsane for årsavgifta kvart år.

Satsane i hovudtrekk:

Bil under 7 500 kilo

kr. 2 940

Bil under 7 500 kilo, diesel utan partikkelfilter 

kr. 3 425

Motorsykkel

kr. 1 800

Campingvogntilhengjar over 350 kilo

kr. 1 100

Tilleggsavgift[?] for alle ovennemnde

kr. 250

Moped, traktor, taxi, veteran, elbil med fleire[?]

kr. 415

Tilleggsavgift for sistnemnde 

kr. 50

Har du spørsmål? Lurer du på om du er skuldig årsavgift?
Ta kontakt med årsavgiftskontoret på tlf. 22 86 02 00.

Sentrale datoer: 1. januar, 20. mars, 30. juni, 1. juli, 15. august, 31. desember

Spørsmål og svar

Eg har mista eller ikkje fått giroen for årsavgift – kva gjer eg?
Eg har fått årsavgiftskrav for bil som eg har avskilta. Kvifor?

Det skal betalast avgift for alle køyretøy som har hatt skilt i 2012. Les meir om avskilting.

Eg har fått kravet om årsavgift, men har selt bilen etter nyttår. Er det den nye eigaren som skal betale?
Forsikringsselskapet har kondemnert køyretøyet mitt – må eg betale avgift?

Ja. Kondemnering er ikkje sidestilt med å levere køyretøy til vraking. Les meir om fristar for vraking.

Eg har skifta adresse – kvar skal eg seie frå?
Du må melde om ny adresse til Folkeregisteret. Firma må melde adresseendring til einingsregisteret. Tollvesenet får automatisk oppdatering.
Bileigaren er død. Må årsavgifta betalast?
Ja, årsavgifta skal betalast for køyretøyet sjølv om eigaren er død.
Illustrasjonsfoto årsavgift

Varsling om endringar

Du kan abonnere på endringar om eit tema eller kategori ved å opprette eit abonnement.

Opprett abonnement