Det blir i år sendt purring på 235 233 årsavgiftskrav. Dette utgjer 7,6 prosent av hovudutsendinga av krav som gjekk ut i februar. Årsavgifta hadde forfall 20. mars.
|
Pressekontakt: |
Telefonnummer: |
| Vidar Lillebo, kontorsjef i Tollregion Oslo og Akershus |
22 86 09 04 |
Talet på purringar er omtrent på same nivå som i fjor, då det blei sendt purring på 233 531 årsavgiftskrav. Det blei sendt ut nær 3,1 millionar krav om årsavgift i februar, noko som er 85 500 fleire enn i 2006. Avgifta gir over 7,5 milliardar kroner i inntekter til statskassa.
Fylkes- og kommuneoversikta er no tilgjengeleg. Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best ut, berre 5,8 prosent av årsavgiftskrava står ubetalt. I den andre enden av statistikken er Finnmark, der 9,5 prosent får purring i posten.
Fristen for å betale purringa er 25. mai. Fordi kravet ikkje blei betalt til riktig tid, har det no kome ei tilleggsavgift på kr. 250,-. For dei som betaler kr. 370,- i årsavgift er tilleggsavgifta kr. 50,-. Dersom avgifta ikkje blir betalt innan 25. mai, vil køyretøyet bli vedtatt avskilta. Ubetalte årsavgiftskrav vil bli tvangsinnkravde.
Betalt årsavgift er eitt av vilkåra som må oppfyllast for at du skal få kontrollmerke (oblat) frå vegmyndigheitene. I tillegg må forsikring og teknisk kontroll av køyretøyet vere i orden. Vegmyndigheitene startar opp utsendinga av oblatane i slutten av mai. Den første utsendinga av kontrollmerke startar ca. 20. mai og skal vere avslutta innan 20. juni. Utsendingane startar med dei høgaste postnummera og blir avslutta med dei lågaste.
|
|