Tollarane kontrollerte dei reisande med toget frå Gøteborg til Oslo om ettermiddagen 18. juli. Ein sort trillekoffert vekte mistanke, men ingen av passasjerane ville medgi at dei eigde kofferten.
Då tollarane opna kofferten fann dei dei narkotiske tablettane. Rivotril med verkestoffet Klonazepam står på narkotikalista og er forbode å føre inn i Noreg. Tollvesenet har avdekt mange freistnader på å smugle Rivotril så langt i 2012.