Arkiv 2009:

Julegåver frå utlandet

Publisert: 19.11.2009
NB! Denne siden finnes ikke på bokmål og vises derfor på nynorsk
Får du tilsendt julegåver frå utlandet? Planlegg du julehandel i utlandet eller skal bestille varer frå utlandet? Her er nokre reglar som kan vere aktuelle for deg.

Gåver frå utlandet
Får du tilsendt ei gåve frå ein privatperson som er busett i utlandet, er denne toll- og avgiftsfri dersom verdien på vara (ekskl. frakt) er under 1000 kroner. Det gis ikke fritak for alkoholholdige drikkervarer og tobakkvarer.

Vara må sendast frå ein privatperson som bur fast i utlandet for at du skal sleppe fortolling. Varer som er sendt direkte frå ein butikk i utlandet må fortollast, sjølv om dei er kjøpte av ein privatperson.

Julegåvehandel i utlandet
Reiser du til utlandet for å handle julegåver, gjeld dei same reglane som elles ved innreise til Noreg. Desse reglane set grenser for kor mye du kan handle for når du skal ta varene med deg tilbake til Noreg. Der finn du også informasjon om kvoter for alkoholhaldige drikkevarer, tobakkvarer, kjøt, ost med meir. Les meir om dette i brosjyren Reise til Noreg.

Bestilling av varer frå utlandet (til dømes på Internett)
Dei fleste varer med verdi under 200 kroner er fritekne for toll og avgifter, med unntak av tobakkvarer, sigarettpapir og alkohol. For varer med verdi på 200 kroner eller høgare krev Tollvesenet toll og avgifter på varer som vert innførte frå utlandet:

 

  • Toll: Dei fleste varer er tollfrie, slik som for eksempel cd-ar og dvd-filmar. Tekstilvarer, slik som kle, sengetøy og liknande, kan det derimot vere toll på.


  • Særavgifter: Tollvesenet krev inn særavgifter ved innførsel av enkelte varer, slik som for eksempel sjokolade, sukkertøy og mineralvatn.


  • Meirverdiavgift: Når du bestiller varer frå utlandet (til dømes på Internett), må du i tillegg til verdien på vara som regel betale 25 prosent meirverdiavgift. Bøker til privat bruk er friteke for meirverdiavgift.

    Meirverdiavgifta vert rekna av vareverdien pluss eventuell toll og særavgift, frakt, forsikring og eventuelt andre kostnader. Enkelte butikkar trekkjer ikkje automatisk frå meirverdiavgifta i avsendarlandet. Dette bør du undersøkje før du bestiller vara.


  • Gebyr ved fortolling: Tollvesenet krev opp meirverdiavgift og eventuell toll og særavgifter. Tollvesenet tek inga betaling (gebyr) i samband med fortollinga. Transportøren/speditøren som leverer vara til deg, vil derimot som oftast krevje eit gebyr (såkalla fortollingsgebyr) for mottak, handtering og utlevering av vara. Slike gebyr kan variere avhengig av kva firma som er nytta. Tollvesenet har ingenting med fortollingsgebyret å gjere.

 

Tollvesenets infosenter
Har du fleire spørsmål om innførsel av varer, kan du kontakte Tollvesenets infosenter på telefonnummer 0 30 12.


Les meir om:
Tilbakebetaling av meirverdiavgift