Etter 31. januar 2008 er det forbode å føre inn kjøt frå Brasil som vart slakta før denne dato. I ein overgangsperiode kan likevel kjøt som opphaveleg kjem frå område definert i forskrifta § 2 førast inn om naudsynte veterinærdokument ligg føre. Varer som er under transport, og som opphaveleg kjem frå dei i forskrifta § 2 nemnde områda i Brasil, kan i ein overgangsperiode óg lovleg førast inn under føresetnad av at varene har vorte sertifisert av Brasilianske veterinærstyresmakter etter 17. januar 2008.
Er du i tvil om kjøtet du har til fortolling oppfyller vilkåra i forskrifta eller om dokumenta er rett utfylt, kontakt Mattilsynet på telefon 06040.