A a a+
Avgiftsrundskriv:

Omregistreringsavgift for 2014

Oppdatert: 14.01.2014 | Gyldig fra 01.01.2014
NB! Denne siden finnes ikke på bokmål og vises derfor på nynorsk.

Tollvesenet har samla regelverk og Toll- og avgiftsdirektoratets kommentarar til omregistreringsavgifta for 2014.


Avgiftsrundskrivet inneheld blant annet:

  • avgiftssatser 2014
  • lov og forskrift
  • Toll og avgiftsdirektoratets kommentarar 

 

Toll- og avgiftsdirektoratets kommentarar

  1. Innleiing
  2. Fastsetjing av avgifta
  3. Eigenvekt
  4. Registreringsår
  5. Renteutrekning og beløpsgrenser
  6. Betaling av avgift
  7. Krav til kvitteringa
  8. Omregistrering mellom ektemakar
  9. Arv
  10. Eldre køyretøy
  11. Utlodda køyretøy
  12. Den nordiske investeringsbanken
  13. Fritak for omregistreringar innafor 2 månader
  14. Heving eller omlevering
  15. Fusjon mellom aksjeselskap
  16. Omdanning av verksemder
  17. Sletting av reistrert eigar/medeigar
  18. Feilregistreringar
  19. Køyretøy til bruk på Svalbard
  20. Dispensasjon frå avgiftsplikta

 1. Innleiing

Det skal ikkje betalast meirverdiavgift ved omsetning av køyretøy som tidlegare har vore registrerte i Noreg. Det skal derimot betalast ei særavgift (omregistreringsavgift) ved omregistrering av slike køyretøy. Reglane om dette er gitt i Stortingets vedtak om omregistreringsavgift (stortingsvedtaket), forskrift om omregistreringsavgift (forskrifta) og motorkøyretøy- og båtavgiftslova.

Skattebetalingslova (sktbl.) og skattebetalingsforskrifta (sktbf.) har føresegner om forfall, betaling, renter, stansing, innkrevjing m.m. Det er vist til relevante føresegner i det følgjande.

Stortingsvedtaket § 1 gir ei uttømmande liste over dei køyretøya som er omfatta av plikta til å betale omregistreringsavgift. Desse køyretøya er delte inn i fire grupper. Avgifta er deretter gradert etter vekt og alder. Avgiftsplikta oppstår når eit tidlegare registrert køyretøy vert omregistrert på ny eigar ved trafikkstasjonen. Avgifta må betalast før omregistrering kan skje, jf. sktbl. § 10-40.

Frå og med 1. januar 2014 skal det ikkje betalast omregistreringsavgift for køyretøy med tillaten totalvekt på 7 500 kg eller høgare.

Tollregion Oslo og Akershus (tollregionen) administrerer avgifta.

2. Fastsetjing av avgifta m.m.

Avgifta skal fastsetjast på grunnlag av den avgiftsmessige statusen som køyretøyet har på omregistreringstidspunktet, etter definisjonane som følgjer av køyretøyforskrifta kap. 2 og forskrift om engangsavgift på motorvogner.

Det skal reknast avgift for ambulanse etter satsane for personbilar, og for gravferdskøyretøy (likvogn) etter satsane for varebilar.

Er det tvil om avgiftsmessig køyretøygruppe, skal spørsmålet takast opp med tollregionen.

3. Eigenvekt

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 1

Eigenvekta som går fram av Statens vegvesens motorvognregister (motor­­­vogn­­registeret), skal vere grunnlaget for avgiftsfastsetjinga.

4. Registreringsår

Registreringsår er det kalenderåret eit køyretøy første gong vart registrert her i landet, eller i utlandet der­som køyretøyet har vore registrert i ut­landet før det vart registrert her i landet. Det er opplysningane i motorvognregisteret som skal leggjast til grunn.

5. Renteutrekning og beløpsgrenser

Renteutrekning

sjå skbtl. kapittel 11 og skbtf. kapittel 11

I skattebetalingslova er fire rentetypar heimla; forseinkingsrente, jf. skbtl. § 11-1, etterrekningsrente, jf. skbtl. § 11-2, rente ved forseinka tilbakebetaling, jf. skbtl. § 11-3 og tilbakebetalingsrente, jf. skbtl. § 11-4.

Renter ved forseinka betaling etter skbtl. § 11-1 skal reknast av krav som ikkje blir betalte innan forfall, og rentene går fram til betalinga skjer. Etterrekningsrente i tråd med § 11-2 i lova skal også inngå i utrekninga av forseinkingsrente når eit hovudbeløp og renter ikkje blir betalte innan den fastsette fristen.

Renter av auke ved vedtak om endring/eigenretting (etterrekningsrente) etter skbtl. § 11-2 skal utreknast av auke i avgift som blir fastsett ved vedtak om endring m.m. Rentene går frå det tidspunktet krava opphavleg skulle ha vore betalte og fram til det blir gjort vedtak om auke. Renteutrekning etter § 11-2 skjer når ei tidlegare fastsetjing blir korrigert, anten etter initiativ frå den toll- eller avgiftspliktige, eller Tollvesenet. Det same gjeld når det ikkje er skjedd ei tidlegare fastsetjing, men det skjer ei endring i avgiftsplikta.

Ved tilbakebetaling av for mykje betalt avgift etter forfallsfristen, skal det etter skbtl. § 11-3 ytast rentegodtgjersle frå dette forfallet og fram til tilbakebetalinga skjer.

Ved tilbakebetaling av for mykje betalt avgift som følgje av vedtak om endring m.m. etter skbtl. § 11-4, skal det ytast rentegodtgjersle frå betalinga fann stad, fram til forfall.

Ordinære refusjonar etter søknad inneber at eit nytt faktum er oppstått. I slike tilfelle blir det som hovudregel ikkje gitt rentegodtgjersle.

Satsane for dei ulike renteføresegnene blir regulerte av skbtl. § 11-6. Satsar knytte til forseinka betaling og tilbakebetaling følgjer av satsen for forseinkingsrente, som blir vurdert kvart år. Andre satsar blir regulerte årleg med bakgrunn i styringsrenta. Gjeldande rentesatsar er å finne på toll.no.

Beløpsgrenser for betaling og tilbakebetaling

Det er fastsett beløpsgrenser for betaling og tilbakebetaling av krav. Beløpsgrensene gjeld per krav eller per termin, avgiftsspesifikasjon eller deklarasjon. Hovudregelen er at toll og avgift under 100 kroner ikkje skal betalast eller tilbakebetalast. Forseinkingsrenter har ei beløpsgrense på 50 kroner.

6. Betaling av avgift

I samband med omregistreringa sender trafikkstasjonen ut ein utfylt betalingsblankett. For å unngå at ein må vise kvittering til trafikkstasjonen før omregistrering, må ein nytte den tilsende blanketten ved blankettbasert eller elektronisk betaling av avgifta.

På blanketten er det påført eit kundeidentifikasjonsnummer (KID). Dersom ein ikkje nyttar denne blanketten, er det viktig at ein gir opp KID-nummeret ved betalinga.

Avgifta skal betalast til Tollregion Oslo og Akershus, Postboks 8122 Dep, 0032 Oslo, på følgjande konto: 6345 05 00102.

Som følgje av avgiftsendringar som normalt skjer ved årsskifte, bør ein vente med å betale avgifta dersom ein ikkje har tenkt å omregistrere køyretøyet før året etter.

Ved direkte omregistrering må ein leggje fram ei original kvittering for betalt avgift på trafikkstasjonen før ein får lov til å omregistrere. Alternativt kan avgifta betalast med debetkort (bankkort) på betalingsterminal på regionvegkontoret.

For fleire detaljar om betaling av avgifta sjå sktbl. §§ 9-1 og 9-2 samt sktbf. § 9-1-1.

7. Krav til kvitteringa

Ved innbetaling hos bank/poststad (skrankegiro) må kvitteringa ha datert påskrift/ stempel som stadfester at avgifta er betalt (at avgifta er motteken til avrekning, vert ikkje godteke).

Dersom betalinga er gjord i ei av kassene til Tollvesenet, må kassakvitteringa visast fram.

Ved betaling av avgifter for fleire køyretøy samstundes, kan Skjema til bruk ved samlebetaling nyttast (skjemaet kan ein få på trafikkstasjonen eller ved regiontollstaden). Dersom KID og sum beløp er identisk på skjemaet og kvitteringa, er det tilstrekkeleg at kjennemerke eller understellsnummer går fram av skjemaet.

Elektroniske innbetalingar

Kvittering frå bank ved elektronisk innbetaling må ha kvitteringsstripe/oblat eller påskrift/stempel frå banken. Kvittering frå kunden sin eigen PC som inneheld KID, beløp, betalt dato, kontonummeret til kunden og Tollvesenets kontonummer kan leggjast fram for trafikkstasjonen som søkjer å kontrollere at KID på kvitteringa er identisk med KID på kravet.

8. Omregistrering mellom ektemakar

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav b og forskrifta § 6 nr. 2

Det blir gitt fritak for avgift ved omregistrering på ektefelle. Avgiftsfri omregistrering på ektefelle skal dokumenterast overfor regionvegkontoret ved vigselattest. Skjer omregistreringa i samband med separasjon, skilsmisse eller dødsfall, kan forholdet også dokumenterast ved bevilling/dom for separasjonen/skilsmissa eller ved attest for at ektefellen er død.

Sambuarar

Det skal betalast avgift ved omregistrering av køyretøy mellom sambuarar. Sambuarar kan eventuelt registrere køyretøyet på begge personane, sjå nærmare punkt 17.

9. Arv

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav c og forskrifta § 6 nr. 2

Om­regi­strering mellom foreldre og barn som arv er friteken for avgift. Det er eit krav at det vert sett i verk fullt arve­skifte (dødsbu), og at vedkommande er arving etter reglane i arve­lova. Doku­mentasjon for dette kan krevjast framlagd.

Køyretøy som er gitt som forskot på arv eller arv etter testament som ikkje gjeld livsarving, er ikkje fri­teke for avgift ved om­regi­strering på mottakaren.

10. Eldre køyretøy

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav d og forskrifta § 6 nr. 4

Det skal ikkje betalast avgift for køyretøy som er 30 år eller eldre. Fritaket vil for 2014 gjelde køyretøy med registreringsår 1984 og eldre. Sjå omtale av registreringsår under punkt 4.

Registreringsåret kan fråvikast dersom det kan dokumenterast at køyretøyet har produksjonsår tidlegare enn registrerings­året. Dette kan vere tilfelle der eit bruktimportert køyretøy ikkje har vore registrert i utlandet før innførselen.

11. Utlodda køyretøy

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav e og forskrifta § 6 nr. 5

Fritaket gjeld utlodda køyretøy der køyretøyet er sjølve gevinsten, og ikkje køyretøy som vert brukt til å demonstrere gevinsten.­

Det er berre lotteri som er i samsvar med lotterilova §§ 6 og 7 som er omfatta av fritaket.

12. Den nordiske investeringsbanken

I avtale 23. oktober 1998 mellom Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige om Den nordiske investerings­banken, går det fram av artikkel 9 at Den nordiske investerings­banken og banken sine inntekter, aktiva og eigedom skal vere fritekne for all skatt­legging, med dei presiseringar som går fram av artikkelen.

Fritaket skal berre gjelde avgift knytt til innkjøp som er nødvendige for banken si offisielle verksemd, jf. artikkel 9 fjerde ledd.

13. Fritak for omregistreringar innanfor 2 månader

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav i og for­skrifta § 6 nr. 7

Det givast fritak for avgift ved omregistrering av køyretøy som har vore registrert på same eigar i to månader eller mindre (samla påskiltings-/registreringstid), jf. stortings-vedtaket § 2 bokstav i.

Korleis fristen skal reknast går fram av forskrifta § 6 nr. 7 fjerde ledd. Der heiter det at tomånadersfristen skal reknast frå registreringsdatoen til og med same dato i den andre etterfølgjande månaden. Når registreringsdatoen er siste datoen i månaden, skal fristen reknast til og med siste dato i den andre etterfølgjande månaden. Dersom fristen sluttar på ein laurdag, søndag eller heilag-/høgtidsdag, skal fristen skytast ut til nærmaste yrkedag som ikkje er laurdag.

Reknemåten i forskrifta tek ikkje høgde for dei tilfelle kor eit køyretøy vert avregistrert og deretter påregistrert same eigar før omregistrering på ny eigar. Dette kan òg vere tilfelle som er omfatta av fritaket: avgjerande er om samla påskiltings-/registreringstid overstig to månader. Dersom av- og påregistrering medfører at det ikkje er mogeleg å bruke reknemåten i forskrifta for å fastsetje om tilfellet er innanfor fristen, reknar ein i praksis fristen som 60 dagar, med tilsvarande atterhald for heilagdagar o.l. som følgjer av forskrifta § 6 nr. 7 fjerde ledd.

Ved omregistrering på ny eigar skal den registrerte datoen i motorvognregisteret leggjast til grunn. I dei tilfella der registrering ikkje er gjord, men nødvendige dokument er komne inn til trafikkstasjonen, kan det også givast avgiftsfritak. I desse tilfella er det krav om ei skriftleg stadfesting frå trafikkstasjonen. Som nødvendige dokument reknar ein mellom anna gyldig salsmelding og melding frå forsikringsselskap om at det er teikna trafikkansvarsforsikring. Det er ein føresetnad at alle dokumenta lyder på same namnet som køyretøyet skal registrerast på.

Fristen på to månader / 60 dagar er absolutt og gir ikkje rom for vurdering etter skjøn.

Fritaket gjeld ikkje dersom føregåande omregistrering var friteken for avgift etter føresegnene i stortingsvedtaket § 2 bokstav a–c, e–j og m.

­14. Heving eller omlevering

Stortingsvedtaket § 2 bokstav j gir fritak for omregistreringsavgift ved heving eller omlevering etter føresegnene i kjøpslova og forbrukarkjøpslova. Forskrifta § 6 nr. 8 og nr. 9 utdjupar dette fritaket når det gjeld førstegongsregistrerte køyretøy eller tidlegare registrerte køyretøy.

Førstegongsregistrerte køyretøy

Forskrifta § 6 nr. 8 rettar seg mot sal av eit køyretøy som ikkje tidlegare har vore registrert i landet, og som vert førstegongsregistrert i Noreg på kjøparen som ei følgje av salet. Ved heving eller omlevering i slike tilfelle kan det søkjast om fritak for omregistreringsavgift når køyretøyet vert registrert på seljaren, jf. første ledd. Fritaket omfattar ikkje innbytesal, der seljaren tek tilbake eit køyretøy som betaling for sal av eit anna. For å oppnå fritak må søknad sendast til tollregionen, og nødvendige dokument må leggjast ved, jf. andre ledd.

Vidaresalet vil både ved heving og omlevering vere omfatta av plikta til å betale meirverdiavgift. Det blir likevel gitt fritak for omregistreringsavgift dersom vidaresalet er belasta med meirverdiavgift, jf. tredje ledd. Dette for å sikre at det ikkje skjer dobbel avgiftslegging, jf. punkt 1. For å oppnå fritak må søknad sendast til tollregionen. Dokumentasjon på at det er betalt meirverdiavgift i samband med vidaresalet, skal leggjast ved søknaden. Dersom det ikkje kan dokumenterast at meirverdiavgift er betalt, vil vidaresalet bli sett på som eit ordinært bruktbilsal, og fritaket skal ikkje gjelde.

Tidlegare registrerte køyretøy

Forskrifta § 6 nr. 9 rettar seg mot kjøpar av eit tidlegare registrert køyretøy. Dersom kjøpet vert heva, kan kjøparen søkje om refusjon av betalt omregistreringsavgift på visse vilkår som er nemnde i føresegna.

15. Fusjon mellom aksjeselskap

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav k og forskrifta § 6 nr. 10

Det skal ikkje betalast avgift ved fusjon mellom aksjeselskap. Grunngivinga for fritaket er at det fusjonerte selskapet vert rekna som ei vidareføring av både det overdragande og det overtakande selskapet.

Med aksjeselskap meiner ein her selskap som vert omfatta av aksjelova § 1-1, og det er berre fusjonar som følgjer aksjelova kapittel 13 som er fritekne. Fritaket gjeld ikkje fusjon mellom andre selskapsformer.

For å oppnå fritak må det overtakande selskapet leggje fram dokumentasjon frå føretaksregisteret (t.d. i form av slettemelding for det overdragande selskapet) for ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen. Denne skal syne at det er sett i verk fusjon mellom dei aktuelle selskapa.

Fritaket gjeld ikkje delingar av aksjeselskap, t.d. fisjonar eller fisjonsfusjonar. I slike høve kan ikkje dei omsyna som er nemnde over, gjere seg gjeldande, då begge desse omorganiseringane tek utgangspunkt i ei oppsplitting og ikkje ei vidareføring av dei opphavlege eigarformene og eigedelane.

16. Omdanning av verksemder

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav l og forskrifta § 6 nr. 11

I forskrifta § 6 nr. 11 er det gitt uttømmande føresegner om kva slags tilfelle som fører til fritak ved omdanning av verksemder. Det vil t.d. ikkje bli gitt fritak ved omregistrering frå enkeltpersonføretak til privatperson eller omvendt. Heller ikkje ved fisjon av aksjeselskap.

Ved vurderinga av om tidlegare og ny eigar er identiske, må ein samanlikne dei to slik dei formelt er registrerte i motorvognregisteret.

Søknad om fritak skal sendast til tollregionen. Nødvendig dokumentasjon må leggjast ved.

17. Sletting av registrert eigar/medeigar

sjå Stortingets avgiftsvedtak § 2 bokstav m og forskrifta § 6 nr. 12

Føresegna om fritak i stortingsvedtaket om sletting av registrert eigar eller medeigar i motor­vogn­registeret gjeld berre ved sletting, ikkje ved registrering av ny eigar/medeigar. Registrering av ein ny medeigar er ikkje omfatta av fritaket og medfører derfor avgift.

Sletting av registrert eigar/medeigar vert ikkje rekna som registrering på ny eigar (omregistrering), då medeigaren allereie er registrert. Når det t.d. er registrert både ein medeigar og ein eigar, inneber det at eigaren kan slettast og medeigaren flyttast til hovudeigar utan at det vert betalt avgift.

18. Feilregistreringar

Ved reine opprettingar av feilregistreringar i motor­vognregisteret skal det ikkje svarast avgift. Det inneber til dømes at dersom eit køyretøy ved ein feil ikkje er registrert i tråd med vegmyndigheitene sine reglar for registrering, kan dette rettast opp utan avgiftsmessige følgjer.

Det same gjeld feilregistreringar som skuldast registre­rings­myndigheita eller forhold som ligg innanfor Tollvesenets ansvarsområde og kontroll.

19. Køyretøy til bruk på Svalbard

Det skal ikkje betalast omregistreringsavgift når køyretøy som er registrert til bruk på Svalbard omregistrerast på ny eigar til framleis bruk på Svalbard. Dette følgjer av svalbardlova § 2 og Svalbardtraktaten artikkel 8.

Slikt køyretøy kan òg avgiftsfritt omregistrerast på ny eigar med adresse på fastlandet dersom køyretøyet framleis er i bruk på Svalbard. Det skal då gjerast merknad i motorvognregisteret om at køyretøyet går på Svalbard.

20. Dispensasjon frå avgiftsplikta

Finansdepartementet kan etter søknad frita for eller setje ned avgifta. Denne dispensasjonsfullmakta er delegert vidare til Toll- og avgiftsdirektoratet og derfrå subdelegert til tollregionen.

Føresegna set to vilkår som begge må vere opp­fylte, og som ei følgje av desse er dispensasjonsfullmakta snever. I samsvar med forarbeid og praksis vert det i avgrensa grad lagt vekt på økonomiske, sosiale, helsemessige eller liknande omstende.