Gå til innhold

[Utgått]Ny versjon 5.0 av NCTS Meldingshåndbok

Meldingshandbok for Elektronisk transittering og Forhåndsvarsling, versjon 5.0 av mai 2009, kan lastast ned frå NorStella sine heimesider. 

Last ned frå  www.norstella.no.

1. juli 2009 innførte EU krav om førehandsvarsling på vareførsel til og frå EU-området. Med verknad frå same dato har Norge inngått avtale med EU om unntak frå kravet om førehandsvarsling mellom Noreg og EU, men vil som EU-landa måtte varsle transport til og frå land utanfor EU (tredjeland). I Noreg skal NCTS (TET) nyttast til førehandsvarsling ved transport direkte til og frå tredjeland. Meir informasjon om førehandsvarsling er å finne på www.toll.no under Nyttig for næringsdrivende – Forhåndsvarsling og AEO.

Versjon 5.0 av Meldingshandboka omtalar endringane som gjeld næringslivet si meldingsutveksling med Tolletaten ved førehandsvarsling. Endringane får direkte verknad for fylgjande meldingar:
IE015 – Deklarasjonsdata
IE028 – Transitteringsnummer (MRN) tildelt

I tillegg er Prosedyrekoder (vedlegg D) og Regler og Betingelser (vedlegg E) oppdatert.

Rundskriv om NCTS

Rundskriv om NCTS